Skogmarihand

underart i planteriket
Skogmarihand

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Dactylorhiza
Art: D. maculata
Vitskapleg namn
Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii
(Druce) Hyl.
Økologi
Habitat: skog
Utbreiing: nord i Eurasia

Skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii) er ei fleirårig plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad og habitat

endre

Blomane er fiolette med mørkare teikningar, ofte noko mørkere og meir raudlege enn hjå flekkmarihand. I Nord-Noreg er fargen ofte monaleg mørkare. På det nedste kronbladet er spissen tredelt med noko lengre midtspiss. Blada er oftast flekkete, og det nedste bladet blir gjerne breiare utover mot ein avrunda spiss. Skogmarihand kan bli godt over ein halv meter høg og blømer frå månadsskiftet juni–juli.

Skogmarihand er noko meir kalkkrevjande enn flekkmarihand. Planta trivst godt i skog, men kan òg ofte vere å sjå i vegkantar. Ho er ganske vanleg over det meste av landet, men er noko mindre vanleg på Sørvestlandet og i Finnmark.[2]

Systematikk

endre

Skogmarihand vart tidlegare rekna som eigen art Dactylorhiza fuchsii, men blir no rekna som ein underart av bleikmarihand ved sidan av nominatunderarten flekkmarihand.[3] Dei to underartane er vanskelege å skilje frå kvarandre, og det finst mange mellomformer med andre planter i marihandslekta.

Skogmarihand, som på Dei britiske øyane er rekna som ein art, er ut frå den britiske klassifiseringa somme tider delt inn i underartane D. fuchsii ssp. fuchsii (engelsk namn common spotted orchid) og D. fuchsii ssp. hebridensis (engelsk namn hebridean spotted orchid). Somme klassifiseringer tek og med underarten D. fuchsii ssp. okellyi. Andre stader er desse rekna som varietetar, var. hebridensis og var. okellyi.[4][5][6]

Utbreiing

endre

Norsk raudliste for artar (2021) er skogmarihand vurdert som livskraftig (LC).[7]

Underarten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn skogsnycklar),[8] og i Danmark (LC, dansk namn skov-gøgeurt).[9] Funn på Island er usikre (islandsk namn ástagrös).[10][11] I Finland er skogmarihand rekna som ein eigen art (NT, finsk namn kielikämmekkä).[12]

På Dei britiske øyane er skogmarihand rekna som livskraftig (LC) både i den britiske og den irske raudlistevurderinga,[5][13] på same måte som lokalt i England og Wales,[14][15] og er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[16] I den siste raudlistevurderinga (2021) er ssp. hebridensis og ssp. okellyi plasserte på venteliste (WL) og vurderte som truleg ikkje verdige underartsstatus.[5]

I Estland (estisk namn vööthuul-sõrmkäpp) er skogmarihand vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[17] I Latvia (latvisk namn fuksa dzegužpirkstīte)[18] er arten vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[19] I Litauen (litauisk namn aukštoji gegūnė) veks arten over heile landet og er rekna som livskraftig.[20][21]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn bosorchis, fransk namn orchis de Fuchs) spreidd i Nederland, mest i sør og i dynelandskapet nær kysten. I Flandern i Belgia er han sjeldan, men i Vallonia er han stadvis ganske vanleg.[22][23] I den nederlandske raudlista er arten rekna som livskraftig (LC, thans niet bedreigd),[24] I Belgia manglar data for arten i Flandern (DD, onvoldoende gekend), og han er rekna som sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[25][26] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[27]

Hybridar

endre

Skogmarihand dannar ofte hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × maculata ssp. maculata eller Dactylorhiza maculata nothossp. transiens, alternativt Dactylorhiza ×transiens), og mellomformer er nokså vanlege.[28][29][30] Hybridar mellom underartane vil ha lett for å krysse seg attende med foreldreartane og slik skape hybridsvermar der det er særs vanskeleg å skilje mellom typane.[31][32][4]

Ein hybrid mellom skogmarihand og systermarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × sambucina eller Dactylorhiza ×influenza)[33] er registrert i Uppland i Sverige[34] og i eldre funn på Åland,[35] men funna er ikkje verifiserte.

Hybridar med grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × maculata ssp. fuchsii eller Dactylorhiza ×kerneriorum nothossp. kerneriorum)[36] er funne i Noreg på fleire stader,[28] og han er registrert i Sverige (svensk namn hybridnycklar),[37] Danmark[32] og Finland.[38] Han veks og spreidd i Storbritannia og Irland,[4] og han er registrert i Estland.[39] I Sverige er det òg registrert hybridar med blodmarihand (Dactylorhiza incarnata var. cruenta × maculata ssp. fuchsii eller Dactylorhiza ×kerneriorum nothossp. ampolai).[40][41]

Hybridar med smalmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. sphagnicola) er funne spreidde stader på Austlandet i Noreg.[28] Hybridar mellom skogmarihand og lappmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. lapponica eller Dactylorhiza ×estonica)[42] veks spreidde stader i Noreg frå Dovre til Troms,[28] i nordlege Sverige[43] og i nordlege Finland.[44] Det er ikkje funne hybridar med purpurmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. purpurella eller Dactylorhiza ×venusta)[45] i Norden, men han er ganske vanleg på Dei britiske øyane.[4]

Hybridar mellom skogmarihand og nominatunderarten Dactylorhiza majalis ssp. majalis av kongsmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×braunii nothossp. braunii)[46] er registrert i Sverige[47] og i Danmark,[32] og med eitt gammalt funn i Nederland.[48] Hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. elatior (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. elatior eller Dactylorhiza ×grandis nothossp. robustior)[49] er registrert på Gotland i Sverige.[50] På Dei britiske øyane er det registrert hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. occidentalis) i Irland, Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. traunsteineroidis) i Yorkshire, Nordvest-Wales og Irland og Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. praetermissa). Den siste er truleg den vanlegaste orkidéhybriden i det sørlege England.[4] Denne er òg kjend frå Nederland (der som Dactylorhiza fuchsii × praetermissa eller Dactylorhiza ×grandis).[51] I Estland er det registrert hybridar mellom skogmarihand og austersjømarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × majalis ssp. baltica.[52]

Hybridar mellom båe underartane av bleikmarihand og smågrønkurle er funne fleire stader i Noreg.[28] Hybriden mellom skogmarihand og smågrønkurle (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × viridis ssp. viridis eller Dactylorhiza ×mixta)[53] er registrert i Sverige[54] og spreidd på Dei britiske øyane.[4]

Skogmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia heinzeliana).[55] Han er funnen på Austlandet, i Trøndelag og nord til Troms,[28] spreidde stader i Sverige,[56] på Dei britiske øyane,[4] i Estland[57] i Litauen[58] og i Nederland (der med namnet Dactylorhiza fuchsii × Gymnadenia conopsea eller xDactylodenia st-quintinii).[59] På dei britiske øyane kan det òg finnast hybridar med praktbrudespore (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia densiflora) og med grannbrudespore (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia borealis).[4] I Sverige er det òg registrert ein intergenerisk hybrid med duftspore (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia odoratissima).[60]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar skogmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  2. «Artskart: Skogmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  3. «Artsdatabanken: Namnetre skogmarihand». Artsdatabanken. Henta 22. februar 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  6. R.M. Bateman og I. Denholm (1988). «A reappraisal of the British and Irish dactylorchids, 3. The spotted-orchids». Watsonia 17: 319–349. 
  7. «Raudlista: Skogmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 22. februar 2022. 
  8. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii skogsnycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  9. «Naturbasen: Skov-Gøgeurt Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  10. «Ástagrös (Dactylorhiza fuchsii)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 14. februar 2023. 
  11. «Dactylorhiza fuchsii». Lystigarður Akureyrar. Arkivert frå originalen 7. mars 2022. Henta 7. mars 2022.  «Eru af sumum talin vaxa á Íslandi, en staðfest eintök vantar.»
  12. «LAJI: Dactylorhiza fuchsii». LAJI.FI. Henta 31. august 2022. 
  13. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  15. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  16. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  17. «eElurikkus: Dactylorhiza fuchsii» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  18. «Latvijas daba: fuksa dzegužpirkstīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023. 
  19. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023. 
  20. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 49-51. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  21. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 
  22. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza fuchsii». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  23. «Verspreidingskaart: Bosorchis – Dactylorhiza fuchsii». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  24. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  25. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  26. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  27. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 28,4 28,5 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  29. «LAJI: Dactylorhiza fuchsii × maculata». LAJI.FI. Henta 31. august 2023. 
  30. «PoWO: Dactylorhiza maculata nothosubsp. transiens». Plants of the World Online. Henta 17. januar 2024. 
  31. Mikael Hedrén (2005). «Artbildning och släktskap inom orkidésläktet handnycklar Dactylorhiza» (PDF). Svensk Botanisk Tidsskrift 99 (2): 70–93. ISSN 0039-646X. 
  32. 32,0 32,1 32,2 Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  33. «PoWO: Dactylorhiza × influenza». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  34. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × sambucina skogsnycklar × Adam och Eva». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  35. «LAJI: Dactylorhiza maculata × sambucina». LAJI.FI. Henta 30. januar 2023. 
  36. «PoWO: Dactylorhiza × kerneriorum nothosubsp. kerneriorum». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  37. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × maculata subsp. fuchsii hybridnycklar». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  38. «LAJI: Dactylorhiza incarnata × maculata, sec. Kurtto & al. (2019)». LAJI.FI. Henta 30. januar 2023. 
  39. «eElurikkus: Dactylorhiza fuchsii × incarnata ssp. incarnata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  40. «PoWO: Dactylorhiza × kerneriorum nothosubsp. ampolai». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  41. «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. cruenta × maculata subsp. fuchsii blodnycklar × skogsnycklar». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  42. «PoWO: Dactylorhiza × estonica». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  43. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × majalis subsp. lapponica skogsnycklar × sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  44. «LAJI: Dactylorhiza maculata × majalis, sec. Kurtto & al. (2019)». LAJI.FI. Henta 30. januar 2023. 
  45. «PoWO: Dactylorhiza × venusta». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  46. «PoWO: Dactylorhiza × braunii nothosubsp. braunii». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  47. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × majalis subsp. majalis skogsnycklar × majnycklar». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  48. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × braunii». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  49. «PoWO: Dactylorhiza × grandis nothosubsp. robustior». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  50. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × majalis subsp. elatior skogsnycklar × gotlandsnycklar». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  51. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × grandis». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  52. «eElurikkus: Dactylorhiza baltica × fuchsii» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  53. «PoWO: Dactylorhiza × mixta». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  54. «Artfakta: Coeloglossum viride × Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii grönkulla × skogsnycklar». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  55. «PoWO: × Dactylodenia heinzeliana». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  56. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × Gymnadenia conopsea skogsnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  57. «eElurikkus: Dactylorhiza fuchsii × Gymnadenia conopsea» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  58. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 30. ISBN 9986-662-28-1. Henta 4. februar 2023. 
  59. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: x Dactylodenia st-quintinii». FLORON. Henta 17. januar 2024. 
  60. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × Gymnadenia odoratissima skogsnycklar × luktsporre». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre