Dag Skogheim

norsk forfattar

Dag Skogheim (17. mai 19284. desember 2015)[1] var ein norsk forfattar og kulturarbeidar fødd på Sømna i Helgeland. Skogheim har sidan starten av 1980-talet vore forfattar på heiltid. I 1988 slo han seg ned i Levanger.

Dag Skogheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1928
Sømna kommune
Død

4. desember 2015 (87 år)
Levanger

Yrke skribent, lyrikar
Språk norsk
Dag Skogheim på Commons

Hovudtema i det faglitterære forfattarskapet til Dag Skogheim er krigen i Nord-Noreg, tuberkulosens historie og arbeidarrørsla. I tillegg kjem mange skjønnlitterære bøker. Dag Skogheim vart sjølv ramma av tuberkulose som 15-åring, noko som isolerte han frå samfunnet i 11 år. I tillegg til å ha gjeve ut nærare 30 bøker, har Skogheim gjort mange intervju (ca. 100) på lydkasettar som dokumenterer mange sider ved det norske samfunnet.

Utmerkingar endre

Bøker skrivne av Dag Skogheim endre

  • Blod på hvit rose (2012)
  • Sju mann (Tiden 2006)
  • Erindringer om Thorvald. (Tiden 2002)
  • Sanatorieliv. (Tiden) 2001
  • Med slukte lanterner. 1998
  • Redd tyskeren! 1995
  • I gode og vanskelige dager. 14 porttretter. Psy. utvkl. hemmedes rettsikkerhet (medf). 1994
  • Kaiser Wilhelm. 1994
  • Gå foran - vis vei! Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke gjennom 50 år. 1993
  • Osten. 1992
  • Torden i mars . Lofotraidet 1941 (medf). 1991
  • Tæring. Soga om ein folkesjukdom (medf). 1990
  • Mennesker og fiender. 1990
  • Portretter av en fiende. 1989
  • Tre dager i mai. Prosalyriske tekstar om tre dagar i mai 1940. 1988
  • Tæring. Sjølvbiografisk om tuberkulose. 1988
  • Arbeidsfolk. Jubileumsbok for Nordland Arbeiderparti 100 år. 1987
  • Sølvhalsbåndet. 1986
  • Alarm - krigen i Nordland 1940 (medf). 1984
  • November -44. 1984
  • Cafe Iris. 1982
  • Sulis. 1980
  • Kvinner i Nordnorsk arbeiderbevegelse - Gitta Jønssmo. 1978
  • Kvinner i Nordnorsk arbeiderbevegelse - Kathrine Bugge. 1978
  • Hexhora. 1978
  • Kvinner i Nordnorsk arbeiderbevegelse- Ellisif Wesse. 1977
  • Blind-Fredrik. Gruvesluskens egne dikter (medf). 1973
  • Klassekamp under Nordlysflammer. 1973
  • Gå stille - tal sakte. 1973
  • ....gagns menneske. 1970

Referansar endre

  1. Dag Skogheim er død, arkivert frå originalen 8. desember 2015, henta 4. desember 2015