Daimler AG (tidlegare Daimler-Benz AG, DaimlerChrysler AG) er ein tysk bilprodusent med hovudkvarter i Stuttgart. Selskapet er den største lastebilprodusenten og den trettande største bilprodusenten i verda, og har i tillegg store aksjeposter i luftfartsgruppa EADS, teknologi- og bilprodusenten McLaren Group, den japanske lastebilprodusenten Mitsubishi Fuso Truck and Bus Corporation.

Daimler AG


BransjeBilindustri, bygging av motorkøyretøy
Skipa17. november 1998
EigarBlackRock
DotterselskapMercedes-Benz, Daimler Trucks, Mercedes-Benz Argentina
Eigenandel iEvoBus, Daimler Trucks, Mercedes-Benz-bussar, Mercedes-Benz, Flix, Mercedes-Maybach, Mercedes-Benz, Mercedes-Benz Minibus, KamAZ
HovudkontorStuttgart
LandTyskland
Produktbil, varebil
StyreleiarBernd Pischetsrieder (april 2021), Manfred Bischoff (april 2007), Hilmar Kopper (november 1998)
Adm.dir.Ola Källenius (22. mai 2019)[1]
Salsinntekter20 458 000 000 euro (2022)[2]
Omsetnad20 458 000 000 euro (2022)[2]
Resultat14 809 000 000 euro (2022)[2]
Nettstadhttps://group.mercedes-benz.com/en/ (tysk), http://www.group.mercedes-benz.com

Selskapet vart stifta i 1998 då Mercedes-Benz-produsenten Daimler-Benz (1926-1998) fusjonerte med usa-amerikanske Chrysler Corporation. Denne avtalen gjorde at eit nytt selskap vart stifta, kalla DaimlerChrysler. Den 14. mai 2007 annonserte DaimlerChrysler at Chrysler var selt til investeringsgruppa Cerberus Capital Management, og den 4. oktober same år vart eit namnebyte godkjent på ei ekstraordinær generalforsamling. Frå 5. oktober 2007 har selskapet difor hatt namnet Daimler AG.

Selskapet produserer i dag bilar og lastebilar under merkenamna Mercedes-Benz, Maybach, Smart, Freightliner med fleire.

Historie endre

I 2002 hadde selskapet to uavhengige produktporteføljar, med få teikn på integrasjon. I 2003 vart det hevda av avisa Detroit News at det som vart presentert som ei samanslåing av to likeverdige selskap eigenleg var eit oppkjøp. Påstanden vart forsterka då nye produkt som Chrysler Crossfire (bygd hovudsakleg på Mercedes-delar) og Dodge Sprinter/Freightliner Sprinter (ein omdøypt Mercedes-Benz Sprinter) kom på marknaden.

Fusjonen, som var verd 36 milliardar US-dollar, var gjenstand for fleire søksmål, mellom anna eit som vart reist av milliardæren og investoren Kirk Kerkorian. Den 7. april 2005 gav dommaren Joseph Farnan Jr. DaimlerChrysler medhald, og Kerkorian tapte søksmålet.

I mai 2007 selde selskapet 80,9 % av aksjane i Chrysler-divisjonen til det usa-amerikanske investeringsselskapet Cerberus. DaimlerChrysler beheldt dei attverande 19,9 % av aksjane.

Leiarskap endre

Dieter Zetsche, tidlegare administrerande direktør i Chrysler-gruppa og Mercedes sin bildivisjon, vart styreleiar i DaimlerChrysler den 1. januar 2006, då den tidlegare styreleiaren Jürgen E. Schrempp trekte seg frå stillinga si, tre år før kontrakten hans gjekk ut, etter ein avtale med styret. Shrempp har fått skulda for fallet i selskapet sin aksjekurs etter Daimler-Benz sin fusjon med Chrysler i 1998, ein fusjon som Schrempp stod bak.

Merkenamn endre

DaimlerChrysler sel bilar under ei rekkje merkenamn over heile verda:

Dei sel òg andre produkt under andre merkenamn:

Eigarskap endre

DaimlerChrysler eigde tidlegare ein stor aksjepost i det japanske selskapet Mitsubishi Motors, i tillegg til eigarskap i bilproduksjonen til koreanske Hyundai. Aksjeposten i Mitsubishi var så stor som 37 %, men vart redusert til 22 % i april 2004 då DaimlerChrysler ikkje deltok i ein emisjon. DaimlerChrysler selde selskapa MTU Friedrichshafen og Detroit Diesel til EQT i 2006.

DaimlerChrysler har i dag eigarskap i desse selskapa:

DaimlerChrysler har selt aksjane sine i følgjande selskap:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre