Dalar var opphavleg sølvmyntar prega i Joachimsthal i Böhmen, med verdi jambyrdig med rhinsk gylden.

Framsida til ein dalar frå Böhmen.

Dei første joachimstalarane vart prega i 1519, og snart vart liknande mynt prega over heile Europa. Dalar frå Austerrike, Tyskland og Nederland vart mykje bruka i Danmark-Noreg, og i 1537 vart det for første gong slått Joachimsdalarar i Danmark. Frå 1544 vart riksdalar species utgangspunktet for myntsystemet i riket. Den første norske dalaren, gimsøydalar, vart prega i 1546 under Kristian III av Danmark-NoregGimsøy kloster ved Skien. Riksdalaren vart bruka i Danmark-Noreg heilt til riksbankdalaren vart innført i 1813.

Dalaren vart ein populær mynt, og fekk si form i mange eurpeiske land: (Tyskland: Taler; Holland: Daler, seinare Daalder; Portugal: Dolera; England/USA: Dollar; Tsjekkia: Tolar; Slovenia: Tolar; Kviterussland: Талер, Таляр).

Norsk dalar

endre

Om norske dalarar, sjå riksdalar (1514–1813), riksbankdalar (1813–1816) og spesidalar (1816–1875).

Bakgrunnsstoff

endre