Damanganga
Damanganga (gujarati દમણગંગા Damaṇgaṅgā [ˌd̪ʌmʌɳˈɡʌŋɡɑː]) eller Daman-Ganga er ei elv i Vest-India. Ho har utspring i Dei vestlege Ghatfjella i Valsad-distriktet sør i Gujarat, og munnar ut i Arabiahavet i vest. Damanganga er 64 kilometer lang.
Damanganga | |||
દમણગંગા (Damaṇgaṅgā) | |||
elv | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Lengd | 64 km | ||
Kjelde | Valsad-distriktet i Dei vestlege Ghatfjella i Gujarat | ||
Munning | Daman | ||
Damanganga 20°24′39″N 72°49′53″E / 20.410833333333°N 72.831388888889°E | |||
Wikimedia Commons: Daman Ganga River |
Elva renn gjennom delstatane Gujarat, Maharashtra og unionsterritoria Dadra og Nagar Haveli og Daman og Diu. Industribyane Vapi, Dadra og Silvassa ligg på nordbreidden av elva, medan Daman ligg på begge sider av estuaret ho dannar ved munningen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Daman Ganga River» frå Wikipedia på engelsk, og «Damanganga» frå Wikipedia på tysk den 16. februar 2015.
Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.