Damnatio memoriæ

Damnatio memoriae eller damnatio memoriæ er latin for 'fordømming av minnet' eller 'utsletting av nedteikninga',[1] og viser til ei avgjerd om å utradera ein person frå fellesminnet etter at han er død. Dette var ei form for vanære som kunne gjevast av det romerske senatet eller romerske keisarar for høgforræderi, eller mot andre som var rekna som fiendar av den romerske staten. Gjennom den romerske historia hadde denne fordømminga ulike uttrykk. Namnet deira kunne fjernast frå innskrifter, og praenomenet deira frå vidare bruk i familien, bilde og skulpturar av dei fjerna, og lovane til ein fordømd keisar kunne opphevast.[2]

Tondo av den severanske familien med portrett av Septimius Severus, Julia Domna og barna deira Caracalla og Geta. Andletet til Geta er blitt sletta på grunn av broren sin ordre om damnatio memoriæ for han.

Utsletting av minne har òg funne stad i andre land og i andre tider. I det nye riket i Egypt blei faraoane Hatshepsut, Akhnaton, Smenkhkare og Tutankhamon fjerna frå felles minne på dette viset. Eit svensk døme er Gustav IV Adolf då han blei avsett i mai 1809. I Sovjetunionen under Stalin blei offisielle fotografi regelmessig retusjerte for å stemma med den rådande politiske oppfattinga.

Ordsoge endre

 
Damnatio memoriæ av Commodus på ein inskripsjon i Museet for romersk historie i Osterburken i Tyskland. Forkortinga «CO» blei seinare retta opp igjen med måling.

Omgrepet «damnatio memoriæ» blei ikkje brukt av romarane sjølv, men er blitt brukt om ordninga i ettertid.[3] Nemninga viser til at ein kunne dømma folk til dette etter at dei var døde.[4] Meininga med forordninga var å fjerna eitkvart spor av ein person frå Roma si soge, som om vedkomande aldri hadde eksistert. Ein framståande romersk borgar skulle minnast etter døden for dei politiske eller militær dådane sine, for å ha reist monument eller innvigd tempel.[3] Utslettinga av minnet var kanskje den meste alvorlege straffa i eit samfunn der sosial framtoning og ære var grunnleggjande krav.

Praksis endre

 
Lucius Aelius Sejanus blei påført damnatio memoriæ som følgje av ein mislukka konspirasjon for å velta keisar Tiberius i 31. Statuane av han blei øydelagde og namnet hans fjerna frå alle offentlege nedteikningar. Mynten over frå Augusta Bilbilis, opphavleg prega for å markera Sejanus som konsul, har orda L. Aelio Seiano fjerna.

I Roma i antikken var praksisen med damnatio memoriæ ei fordømming av romersk elite og keisarar etter at dei var døde. Om senatet eller ein seinare keisar ikkje likte handlingane til ein einskildperson, kunne dei få eigedomane sine beslaglagde, namnet sitt fjerna og avbildingar av seg sjølv omarbeidde. Grava deira kunne slettast og dei kunne fjernast frå familietreet sitt. Dei kunne også nektast offentleg gravferd og framvising av sorg.[3]

Prosessen blei formalisert nokså seint i historia til Romarriket, men hadde eldre røter.[4] Den første keisaren til å bli offisielt fordømt av senatet var Nero, den siste av det julio-claudiske dynastiet. Regjeringstida hans blei offisielt fjerna frå dei historiske nedteikningane.[5]

Styrta keisarar er gjerne best kjende for å ha fått minnet sitt utsletta, men ordninga blei også brukt for andre erklærte folkefiendar, som tribunane Gaius Gracchus og Lucius Appuleius Saturninus.[3] Personar keisaren sjølv rekna som forrædarar kunne også fordømmast, som Konstantin den store sin son Crispus og kone Fausta. Her var utslettinga så vellukkinga at ettertida ikkje veit kvifor minnet om dei to blei fordømt.

Sidan det er ei viss økonomisk drivkraft i å beslagleggja eigedomar og rikdomar og endra statuar, har historikarar og arkeologar hatt vanskar med å avgjera kva tid ein offisiell damnatio memoriæ faktisk skjedde, men det verker å ha vore relativt sjeldan. Historikarar har tidvis nytta frasen de facto damnatio memoriæ når fordømminga ikkje var offisiell. Blant dei få som blei utsett for offisiell og faktisk damnatio memoriæ var Sejanus som hadde konspirert mot keisar Tiberius i år 31, og seinare Livilla, som blei avslørt som hans medskuldige. Berre tre keisar er kjende for å offisielt ha fått damnatio memoriæ. Diese var Domitian, som med sin valdelege død i 96 avslutta det flaviske dynastiet,[6][7] medkeisar Publius Septimius Geta,[8] som fekk minnet offentleg utsletta av broren Caracalla etter at han drap han i 211, og på nytt i 311 med Maximianus, som blei teken til fange av Konstantin den store deretter oppmoda til å ta livet sitt.

Ein verkeleg effektiv damnatio memoriæ ville ikkje vore merkbar for seinare historikarar ettersom han ville krevja fullt og total utsletting av teikn på at vedkomande fanst frå dei historiske nedteikningane. Sidan alle politiske figurar har allierte så vel som fiendar, er det vanskeleg å gjennomføra praksisen heilt og halde. Til dømes ønskte det romerske senatet å fordømma minnet til Caligula, men Claudius hindra dette. Nero blei erklært som ein fiende av staten av senatet, men deretter gjeven ei stor gravlegging som æra han etter at han døydde ved Vitellius. Medan statuar av ein del keisarar blei øydelagde eller omarbeidde etter at dei var døde, blei andre reist. Mange myntar med bildet av den diskrediterte personen heldt fram med å vera i sirkulasjon. Særleg finst ei stor mengd med bilde av Geta.[9]

Med tida blei den formelle måten å fordømma minnet på gløymd, men delar av han kunne dukka opp i samband med regimeskifte. Til dømes blei bilde av Nikeforos II Fokas øydelagde etter at han var drepen.[4]

Tilsvarande praksis i andre samfunn endre

 
Plass i ei rekkje portrett av dogane av Venezia: «Her er staden for Marino Faliero, halshogge for lovbrota sine».


I Hellas i antikken sette Herostratos fyr på Artemistempelet i Efesos for å bli kjend. For å skremma folk frå å gjera slike handlingar att vedtok leiarane i Efesos at namnet hans aldri skulle blir nemnd igjen under trugsel om dødsstraff. Dette forsøket verka likevel ikkje, ettersom namnet hans enno er kjent i dag.

Egyptarane i oldtida la stor tyding i å ta vare på namnet til ein person eller ikkje. Den som øydela namnet til ein person var rekna for å ha vore ein som øydela sjølve personen,[10] og ein rekna med at ei slik handling òg hadde kraft etter døden.

Kartusjane av farao Akhnaton i det 18. dynastiet blei øydelagd av etterfølgjarane hans . Tidlegare i det same dynastiet blei det utført eit liknande angrep på Hatshepsut. Likevel blei berre graveringer og statuar av ho som den krona kongen av Egypt angripne. Avbildingar av henne som dronning blei etterlatne uskadde. Det var såleis ikkje i snakk om damnatio memoriæ i streng forstand.[11][12]

Marino Faliero, den femtifemte dogen av republikken Venezia, blei fordømt til damnatio memoriæ etter eit mislukka statskupp.

Eit meir moderne døme på damnatio memoriæ i gjennomført praksis, inkludert fjerning av portrett, bøker, å retusjera folk ut av bilde og utsletting av alle andre spor fann stad for Josef Stalin sine motstandarar under den store utreinskninga, til dømes i Store sovjetiske oppslagsverk. Då det sovjetiske landslaget i fotball tapte for Jugoslavia i sommarolympiaden i 1952, gav Stalin ordre om at alle filmopptak av hendinga skulle øydeleggjast.[13] Ironisk nok blei Stalin sjølv redigert ut av ein del propagandafilmar då Nikita Khrusjtsjov blei leiar av Sovjetunionen, og byen Tsaritsyn, som tidlegare hadde heitt Stalingrad, blei omdøypt til Volgograd i 1961.

I USA blei dei offisielle portretta av dei vanæra guvernørane frå Maryland, Spiro Agnew og Marvin Mandel, fjerna frå mottsrommet i Maryland State House (lovforsamlinga i delstaten) for ei tid.[14][15] I begge tilfelle skjedde dette etter tiltaler om korrupsjon. Portrettet til Mandel blei sett tilbake igjen etter at han blei frikjend. Agnew blei aldri frikjent, men portrettet han blei seinare hengd opp igjen etter argument om at ingen hadde rett til å endra historia.

Kjelder endre

  1. Howatson, M.C., red. (2011). «damna'tio memo'riae». The Oxford Companion to Classical Literature. Oxford University Press. Henta 4. august 2019. 
  2. Balsdon, John Percy Vyvian Dacre; Barbara M. Levick (2012). «damnatio memoriae». The Oxford Classical Dictionary. Oxford University Press. Henta 4. august 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Phang, Sara E.; Ph.D, Iain Spence; Ph.D, Douglas Kelly; Ph.D, Peter Londey (27. juni 2016), Conflict in Ancient Greece and Rome: The Definitive Political, Social, and Military Encyclopedia [3 volumes]: The Definitive Political, Social, and Military Encyclopedia (på engelsk), ABC-CLIO, ISBN 9781610690201, henta 4. august 2019 
  4. 4,0 4,1 4,2 McCormick, Michael (2005). «Damnatio Memoriae». The Oxford Dictionary of Byzantium. Oxford University Press. Henta 4. august 2019. 
  5. Emily D. Townsend Vermeule; Edward Togo Salmon (10. juli 2019). «Ancient Rome». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, inc. 
  6. Bryn Mawr Classical Review 2012.03.05; se også Die Damnatio Memoriae
  7. Graham, Abigail S: «Sic semper tyrannis: Domitian, damnatio memoriae and the Imperial Cult at Ephesus», The American Philological Association
  8. «Topic: Domitian-damnatio memoriae», Classical Numismatics Discussion Board
  9. Geta: The One Who Died, arkivert frå originalen 3. desember 2010, henta 4. august 2019 
  10. E.A Wallis (1987): Egyptian Religion, Arkana, ISBN 0-14-019017-1
  11. «Erasing the Face of History». New York Times. 14. mai 2011
  12. Dorman, Peter F. (2005): «The Proscription of Hapshepsut» i: Hapshepsut: From Queen To Pharaoh, red. Catherine H. Roehrig, Metropolitan Museum of Art (NY), s. 267–269
  13. «How do you punish a football team?». BBC News. 24. juni 2010
  14. Governor Glendening's Press Conference on the opening of the Exhibit of Governors' Portraits in the Governor's Reception Room, Maryland State House, Annapolis, 13. april 1995
  15. Mandel portrait hung in State House Arkivert 2014-10-06 ved Wayback Machine., Baltimore Sun, 14. oktober 1993

Bakgrunnsstoff endre