Damo Suzuki
Kenji Suzuki, som regel kjend som Damo Suzuki (16. januar 1950–9. februar 2024) var ein japansk songar som var mest kjend som medlem av det tyske krautrockgruppa Can.
Damo Suzuki | |||
| |||
Fødd | 16. januar 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Japan | ||
Død | 9. februar 2024 (74 år) | ||
Fødenamn | Kenji Suzuki | ||
Opphav | Japan | ||
Aktiv | 1970–2024 | ||
Sjanger | Krautrock | ||
Instrument | Gitar Vokal | ||
Tilknytte artistar | Can | ||
Plateselskap | Fruits de Mer Records | ||
Verka som | gateartist, songar, vokalist |
Biografi
endreSom tenåring i 1960-åra reiste Suzuki rundt om i Europa, ofte som gatesongar.[1]
Då Malcolm Mooney slutta i Can, etter å ha spelt inn det første albumet deira, Monster Movie, trefte Holger Czukay og Jaki Liebezeit Suzuki medan han spelte på eit hjørne i München då dei to sat utanfor på ein gatekafé. Dei inviterte han med seg i gruppa, og han spelte med dei same kvelden.[2]
Suzuki var med Can frå 1970 til 1973 og song på dei mest anerkjende platene deira, som Tago Mago, Future Days og Ege Bamyasi. Den første songen Suzuki song inn med bandet var «Don't Turn the Light On, Leave Me Alone» frå Soundtracks[3] Tekstane hans var ofte improviserte og var ikkje alltid sunge på eit spesielt språk.[2]
Suzuki vart medlem av Jehovas vitne[2] då han gifta seg med den tyske kjærasten sin, som òg var Jehovas vitne. Han trekte seg då attende frå musikken i 1974.
Han kom attende til musikkverda i 1983, og vart leiar for Damo Suzuki's Network, der han turnerte og heldt improviserte konsertar med forskjellige lokale musikarar. Blant musikarane som har spelt med han på konsertane hans finn ein Michael Karoli og Jaki Liebezeit frå Can, Mani Neumeier frå Guru Guru, Dustin Donaldson frå I Am Spoonbender, Cul De Sac, Passierzettel, The Early Years, The Bees, Do Make Say Think, Broken Social Scene, Airiel, Acid Mothers Temple, The Holy Soul, Steve Dinsdale, The Sandells, Tay Zonday, the Omar Rodriguez-Lopez Quintet (som han spelte inn EP-en Please Heat This Eventually med i 2007), The Skull Defekts, AIDS Wolf, Radio Messeacre International, Edmondo Ammendola og Dave Williams frå Augie March, Gordon J Watson & Simon Doling frå Terminal Cheesecake, Jonny Williams, Stephen McBean frå Black Mountain, Helena Espvall frå Espers, The Prestidigitators, Gary Jeff frå God, Calamalka, Karl Asa frå J>A>W>, tynder, Neočekivana Sila Koja Se Iznenada Pojavljuje i Rešava Stvar, The Dream Machine All-Stars, AK/DK, Ann Shenton frå Add N to (X) og mange mange andre.
På The Fall-albumet This Nation's Saving Grace frå 1985 finst songen «I Am Damo Suzuki».[4] Rockebandet The Mooney Suzuki har henta namnet sitt frå dei tidlegare Can-songarane Malcolm Mooney og Damo Suzuki.[5]
Diskografi
endre- Can Soundtracks 1970
- Can Tago Mago 1971
- Can Ege Bamyasi 1972
- Can Future Days 1973
- Can Unlimited Edition 1976 (samleplate)
- Dunkelziffer In The Night 1984
- Dunkelziffer III 1986
- Dunkelziffer Live 1985 1997
- Damo Suzuki's Network Tokyo On Air West 30.04.97 1997
- Damo Suzuki's Network Tokyo On Air West 02.05.97 1997
- Damo Suzuki's Network Osaka Muse Hall 04.05.97 1997
- Damo Suzuki Band V.E.R.N.I.S.S.A.G.E. 1998
- Damo Suzuki Band P.R.O.M.I.S.E. (7CD Box) 1998
- Damo Suzuki's Network Seattle 1999
- Damo Suzuki's Network Odyssey 2000
- Damo Suzuki's Network JPN ULTD Vol.1 2000
- Damo Suzuki's Network Metaphysical Transfer 2001
- Damo Suzuki's Network JPN ULTD Vol.2 2002
- Cul De Sac / Damo Suzuki Abhayamudra 2004
- Sixtoo - Chewing on Glass & Other Miracle Cures 2004
- Damo Suzuki's Network Hollyaris 2005 (2CD)
- Damo Suzuki's Network 3 Dead People After The Performance 2005
- Damo Suzuki and Now The London Evening News 2006 (CD)
- Damo Suzuki's network Tutti i colori del silenzio 2006 (CD)
- Omar Rodriguez-Lopez & Damo Suzuki Please Heat This Eventually 2007
- Safety Magic Voices 2007
- Audioscope Music For A Good Home 2010 (CD)
- Damo Suzuki & The Holy Soul Dead Man Has No 2nd Chance 2010 (CD)
- Damo Suzuki & Cuzo Puedo Ver Tu Mente 2011(CD/LP)
- Radio Massacre International – Lost in Transit 4: DAMO (2010) (CD)
- Damo Suzuki & Congelador – Damo Suzuki + Congelador (2011)
- Damo Suzuki & God Don't Like It Ensemble – Live At Cafe Oto (2011)
- Can – The Lost Tapes (2012) (samlealbum)
- Simon Torssell Lerin / Bettina Hvidevold Hystad with Damo Suzuki – Simon Torssell Lerin / Bettina Hvidevold Hystad with Damo Suzuki (2013) (Vinyl Box Set including Book and LP)
- Damo Suzuki – Seven Potatoes: Live in Nanaimo (2×LP) (2013)
- Damo Suzuki & Øresund Space Collective – Damo Suzuki møder Øresund Space Collective (2014) (Digital and 3×LP)
- Damo Suzuki & Mugstar – Start From Zero (2015) (LP)
- 1-A Düsseldorf – Uraan (2016) (2×CD, Album)
- Damo Suzuki & Black Midi – Live at the Windmill Brixton with 'Sound Carriers' (2018) (Digital)
- Mugstar & Damo Suzuki – Live at The Invisible Wind Factory (2020) (Digital and LP. Released by The Weird Beard)
- Damo Suzuki & Jelly Planet – Glocksee (2020) (2×LP. Released by Catweezle Records)
- Damo Suzuki, Echo Ensemble – Live at the Green Door Store (2020) (CD. Released by Willkommen Records)
- Damo Suzuki with Numinous Eye & Steve Eto – High School Pharmacy!!! (2021) (LP. Released by Charnel Music)
- Damo Suzuki & Spiritczualic Enhancement Center – Arkaoda (2022) (LP. Released by Akuphone)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Damo Suzuki» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ All Tomorrow's Parties
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Holger Czukay's official site, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 6. mars 2013
- ↑ "'Don't Turn the Light on, Leave Me Alone' was Damo's first recording with CAN ever."[1]
- ↑ 3:AM Magazine interview
- ↑ Kludge Magazine interview