Dan kan også visa til beltegrader i kampsportar.

Dan er eit mannsnamn som kan ha fleire mogleg opphav, hovudsakleg hebraisk og norrønt. Det har namnedag den 11. desember.

Forfattaren Dan Andersson.
Forfattaren Dan Brown.

Hebraisk avleiing endre

I hebraisk samanheng tyder Dan 'han dømde'. Dan er ein av dei tolv sønene til patriarken Jakob, stamfaren til ein av dei tolv israelske stammane, og var namnet på byen i Kanaan der etterkomarane hans slo seg ned. Fram mot vår tid har også Dan vore brukt som eit kortnamn avleidd av Daniel, som tyder 'Herren er min dommar'. Danny er ei engelsk kjæleform avleidd av Dan.

Norrøn avleiing endre

Den norrøne tydinga av Dan eller Danr er truleg 'dansk'. Rigstula fortel om Dan den storlåtne, ein sogekonge som skal ha samla danskane og gjeve namn til landet Danmark. Namnet er også brukt på ulike norrøne runesteinar. Elles er -dan kjend som ledd i namn som Halvdan.

Namneberarar endre

Kjelder endre

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Dan», A Dictionary of First Names, Oxford University Press