Daniel Knutsson Vigeland

stortingsrepresentant

Daniel Knutsson Vigeland (1. oktober 17873. oktober 1869) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Øyestad i Aust-Agder. Daniel A. Vigeland var dottersonen hans.

Daniel Knutsson Vigeland
Fødd 1. oktober 1787
Øyestad
Død

3. oktober 1869 (82 år)
Øyestad

Yrke bonde, politikar

Far hans var gardbrukar på Vigeland, og sjølv tok han i si tid over farsgarden. Han var medlem av heradsstyret i Øyestad 1838-57, ordførar eit par år. Vigeland var stortingsmann i 1827, 1828, 1839 og 1845, alle gongene vald frå Nedenes og Robygdelagets amt. Han var i 1827 medlem av tollkomiteen, 1839 av komiteen om militærutgiftene og 1845 av militærkomiteen.

Han døydde på slektsgarden i Øyestad i 1869.

KjelderEndra