Danny Joe Brown
amerikansk songar
Danny Joe Brown (24. august 1951–10. mars 2005)[1] var ein USA-amerikansk rockesongar, mest kjend som frontmann i southern rock-gruppa Molly Hatchet etter at han tok over som songar for Dave Hlubek i 1976. Han var medlåtskrivar av dei største hittane deira frå seint i 1970-åra, som «Flirtin' with Disaster» og «Whiskey Man».
Danny Joe Brown | |||
Fødd | 24. august 1951 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Jacksonville i Florida i USA | ||
Død | 10. mars 2005 (53 år) | ||
Dødsstad | Davie i Florida, USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1974–1998 | ||
Sjanger | Southern rock, hardrock | ||
Instrument | Vokal, munnspel, piano | ||
Tilknytte artistar | Molly Hatchet, The Danny Joe Brown Band | ||
Plateselskap | Epic | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Brown slutta i Molly Hatchet i 1980 på grunn av kronisk diabetes og problem med bukspyttkjertelen. Kort tid etter skipa han sitt eige band, The Danny Joe Brown Band, som gav ut eitt album i 1981.[2] Han kom attende att i Molly Hatchet i 1982, men slutta igjen i 1995 etter eit hjerneslag.
Han døydde 10. mars 2005, berre 53 år gammal, etter nyresvikt som følgje av diabetes.
Diskografi
endreMed Molly Hatchet
endre- Molly Hatchet (1978)
- Flirtin' with Disaster (1979)
- No Guts...No Glory (1983)
- The Deed Is Done (1984)
- Double Trouble Live (1985)
- Lightning Strikes Twice (1989)
Med The Danny Joe Brown Band
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Danny Joe Brown» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Thedeadrockstarsclub.com – accessed May 2010
- ↑ Smith, Michael Buffalo (November 1999). «Still Beatin' the Odds». Swampland.com. Henta 21. desember 2020.