Dave Hlubek

David Lawrence «Dave» Hlubek (28. august 19513. september 2017) var ein USA-amerikansk sologitarist og opphavleg medlem i southern rock-bandet Molly Hatchet.

Dave Hlubek
Dave-Hlubek.jpg
Hlubek i 2008
Fødd28. august 1951(1951-08-28)
FødestadJacksonville i Florida i USA
Død2. september 2017 (66 år)
DødsstadJacksonville i Florida
FødenamnDavid Lawrence Hlubek
OpphavUSA
Aktiv1971–2017
SjangerSouthern rock, hardrock
InstrumentGitar, vokal
Tilknytte artistarMolly Hatchet, Southern Rock Allstars,
Verka somGitarist, låtskrivar

Hlubek skipa Molly Hatchet i 1971. Vokalisten Danny Joe Brown kom inn i bandet i 1974 i lag med Duane Roland, gitaristen Steve Holland og bassisten Banner Thomas, før and Bruce Crump kom inn i 1976. Hlubek var òg den opphavlege vokalisten då dei starta, og skreiv flest songar for bandet, mellom andre hitten deira «Flirtin' with Disaster».

I 1987 vart Hlubek erstatta av sologitaristen Bobby Ingram.[1] Hlubek har sjølv innrømd at han var «utoleleg» på grunn av stjernenykker og dopmisbruk.[2] Hlubek spelte mellom anna i The Southern Rock Legends, i lag med tidlegare medlemmar frå Lynyrd Skynyrd og Blackfoot. I 2005 var han attende i Molly Hatchet.

KjelderEndra

  1. Larkin, Colin (1999) The Encyclopedia of Heavy Rock, Virgin Books, ISBN 0-7535-0257-7, p. 299
  2. «KAOS2000 Magazine interview with Dave Hlubek of Molly Hatchet». Kaos2000.net. Henta 21. desember 2020.