Darling Be Home Soon

Darlin' Be Home Soon
Singel av The Lovin' Spoonful
frå albumet You're a Big Boy Now soundtrack
B-side

Darlin' Companion

Utgjeve 1967
Innspelt 1966
Sjanger Pop
Lengd 3:32
Selskap Kama Sutra 220
Komponist John Sebastian
Tekstforfattar John Sebastian
Låtskrivar(ar) John Sebastian
Produsent Erik Jacobsen
The Lovin' Spoonful-kronologi 
«Full Measure»
(1966)
Darlin' Be Home Soon «Six O'Clock»
(1967)


«Darlin' Be Home Soon» (eller «Darling Be Home Soon») er ein song skriven av John Sebastian for The Lovin' Spoonful. Han kom ut på filmmusikkalbumet til Francis Ford Coppola-filmen You're a Big Boy Now frå 1966. Han er blitt skildra som «...ein av dei mest hjartelege songane om å vere borte frå sin kjære, skriven frå synspunktet til ein musikar på turné som skriv eit brev.»[1] Songen vart gjeven ut på singel og nådde 15. plassen på den amerikanske poplista. Same året nådde ein versjon av Bobby Darin 93. plassen på den amerikanske lista. Saksofonisten Bud Shank gav ut songen på albumet sitt A Spoonful of Jazz, og Billie Davis gav han ut på B-side på ein singel i Storbritannia.

Sebastian framførte denne songen på Woodstockfestivalen som den fjerde av fem songar han spelte der i 1969.

I 1969 vart «Darlin' Be Home Soon» gjeven ut av Joe Cocker på albumet Joe Cocker! og vart ein standard for han. Songen vart framført av Slade og finst på konsertalbumet deira Slade Alive! frå 1972. Same året nådde The Association nesten topp 100 i USA med ein singel (104. plassen) henta frå albumet Waterbeds in Trinidad!

Andre hitversjonar av songen vart gjeven ut av The Barra MacNeils (1993, 23. plassen i Canada) og Let Loose (1996, 65. plassen i Storbritannia).

Andre innspelingar av songen endre

Kjelder endre

  1. Matthew Greenwald. «Darling Be Home Soon - Joe Cocker | Song Info». AllMusic. Henta 23. mars 2019.