Phoebe Snow (fødd 17. juli 1950 som Phoebe Ann Laub, daud 26. april 2011) var ein amerikansk songar, låtskrivar og gitarist, mest kjend for hitten «Poetry Man» frå 1975. Ho vart skildra av The New York Times som ein «kontraalt med ein bluesaktig brumming som kunne sveipe over fire oktavar».[3]

Phoebe Snow
Fødd17. juli 1950(1950-07-17)[1][2]
FødestadNew York City[1]
Død26. april 2011 (60 år)[1]
DødsstadEdison i New Jersey i USA
FødenamnPhoebe Ann Laub
OpphavUSA
Aktiv1972–2010
SjangerFolk, blues, gospel, jazz, pop, rock, rock and roll, softrock, soul, adult contemporary
InstrumentGitar, vokal
Stemmetypealt
PlateselskapShelter, Columbia, Atlantic, Eagle, House Of Blues
Verka somSongar-låtskrivar
MorLili Mann

I barndomen i Teaneck i New Jersey lærte ho først piano, men byta til gitar i tenåra og skreiv dikt som etter kvart vart til dei første songane hennar. Etter at ho kom over scenefrykta si, spelte ho i klubbar i Greenwich Village tidleg i 1970-åra med både viser og popsongar, i tillegg til jazz, blues og gamle slagerar.

Etter ho fekk kontrakt med Leon Russell sitt Shelter, gav Snow ut debutalbumet sitt i 1974. Det inneheld den store hitten «Poetry Man» og albumet nådde fjerdeplassen på albumlista i USA. Ho la så ut på turné med Paul Simon og spelte på hitten hans «Gone at Last». I 1976 kom Second Childhood, ein ny suksess som òg selde til gullplate. Ho heldt fram å spele inn plater utover 70-åra med It Looks Like Snow i 1977, Never Letting Go i 1977 og Against the Grain i 1978, og etter Rock Away i 1981, spelte ho ikkje noko meir dei neste åtte åra.

I 1989 signerte ho kontrakt med Elektra og gav ut Something Real, etterfølgd av ei rekkje konsertar i New York som medlem av den tidlegare Steely Dan-frontmannen Donald Fagensitt New York Rock and Soul Revue. Snow forsvann så frå søkelyset igjen, bortsett frå at ho song på mange reklamar for radio og fjernsyn. I 1994 dukka ho opp i Woodstock med ei gospelgruppe som bestod av Mavis Staples, CeCe Peniston og Thelma Houston. Ho gav så ut albuma I Can't Complain i 1998, Natural Wonder og Live in Woodstock i 2008.

Ho fekk hjerneblødning i januar 2010 og hamna i koma. Ho døydde i april året etter.

Diskografi

endre

Album

endre

Med andre artistar

endre
  • «Hymn» (Aftertones album 1975) – med Janis Ian
  • «You Really Got a Hold On Me» (Bobby McFerrin» 1982) – med [(Bobby McFerrin)]
  • «Thankful N'Thoughtful» (Night Lines album 1984) – med Dave Grusin
  • «Between Old and New York» (Night Lines album 1984) – med Dave Grusin
  • «Tossin' and Turnin'» (Johnnie Be Back album 1991) – med Johnnie Johnson
  • «Sometimes Love Forgets» ("Hot Spot") Elektra Asylum album 1980; [med Steve Goodman]
  • «Gone at Last» («Still Crazy After All These Years») Columbia album 1975; [med Paul Simon]
  • «A Lover's Question» ("Portrait Of The Blues» album 1993) - med Lou Rawls
  • «Baby I'm Yours» (Naked City feat. Jeff Golub) Atlantic Recording Company 1996; med Avenue Blue
  • «One Too Many Mornings» (Steve Howe, Portraits of Bob Dylan) 1999

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Thursby, Keith (29. august 2014). «Phoebe Snow dies at 60; singer of 1974 hit 'Poetry Man'. Los Angeles Times. Henta 29. august 2014.
  2. Matt Schudel (29. august 2014). «Phoebe Snow, powerful singer of 1970s hit ‘Poetry Man,’ dies at 60". The Washington Post. Henta 29. august 2014.
  3. Abdella, Fred T. (July 2, 1989). «Synging Her Way Back to the Top». The New York Times. Henta 29. august 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre