Gigliola Cinquetti

Gigliola Cinquetti (fødd 20. desember 1947 i Verona) er ein italiensk songar, journalist og TV-personlegdom.

Gigliola Cinquetti

Fødd20. desember 1947 (76 år)
FødestadVerona
OpphavItalia
Aktiv1963–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapCGD
Verka somsongar, skodespelar, programleiar, journalist, plateartist
PrisarEurovision Song Contest, Festival della Canzone Italiana di Sanremo, Vinner av Eurovision Song Contest

Biografi endre

Sanremo endre

Cinquetti vann Sanremo-festivalen som 16-åring i 1964. Sigeren i Sanremo-festivalen førte til at ho fekk representere Italia i Eurovision Song Contest same år, som ho òg vann, med songen «Non ho l'età» (eg er ikkje gammal nok). Songen er komponert av Nicola Salerno og skriven av Mario Panzeri.

Sigeren førte til internasjonal suksess. Ho kom til og med inn på topp 75-lista i Storbritannia, noko som er veldig uvanleg for ein italiensk artist. I 1966 spela ho inn «Dio, come ti amo», som vart ein annan verdshit.

Sensurert i heimlandet endre

Cinquetti fekk igjen stort ry då ho deltok i Eurovision Song Contest 1974 for Italia. Ho framførte songen «» med musikk og tekst av Mario Panzeri, Daniele Pace, Lorenzo Pilat og Carrado Conti. Cinquetti enda på andreplass etter ABBA og «Waterloo».

Ifølgje boka John Kennedy O'Connor, The Eurovision Song Contest – The Official History, vart framsyninga til Cinquetti i Eurovision Song Contest sensurert av den italienske kringkastaren RAI fordi ein var redd for at songen hennar skulle påverke folket til å røysta ja i ei folkeavrøysting som skulle arrangerast kort tid etter.[1] Songen vart verande sensurert av dei fleste italienske medium i omtrent ein månad etter tevlinga.

Den engelske versjonen av songen, «Go (Before You Break My Heart)», oppnådde åttandeplass på dei britiske listene i juni 1974.

Seinare karriere endre

Ein av hennar andre songar, «Alle porte del sole» (utgjeven i 1973), vart spela inn på nytt på engelsk og italiensk av Al Martino to år etter opphavlege utgjevinga av songen, og oppnådde ein 17.-plass på Billboard-listene i USA.

Då Italia arrangerte Eurovision Song Contest i 1991 var Ciquetti programleiar saman med vinnaren i 1990, Toto Cutugno. I 1990-åra vart ho ein anerkjend journalist og programleiar på TV.

Sanremo-festivalen endre

Ved følgjande høve har Cinquetti delteke på Sanremo-festivalen:

  • 1964 «Non ho l'età (Per amarti)» – saman med Patricia Carli
  • 1965 «Ho bisogno di vederti» – saman med Connie Francis
  • 1966 «Dio come ti amo» – saman med Domenico Modugno
  • 1968 «Sera» – saman med Giuliana Valci
  • 1969 «La pioggia» – saman med France Gall
  • 1970 «Romantico blues» – saman med Bobby Solo
  • 1971 «Rose nel buio» – saman med Ray Conniff
  • 1972 «Gira l'amore (Caro bebè)»
  • 1973 «Mistero»
  • 1985 «Chiamalo amore»
  • 1989 «Ciao»
  • 1995 «Giovane vecchio cuore»

Referansar endre

  1. O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest – The Official History. Carlton Books, UK. 2007 ISBN 978-1-84442-994-3