Daspitbreen
Daspitbreen er ein isbre i Antarktis som er 6 nautiske mil lang. Breen flyt aust-nordaust langs sørsida av Mount Shelby til enden av Trailfjorden, på austkysten av Graham Land. Han vart oppdaga av medlemmar av East Base frå U.S. Antarctic Service i 1939–41, og fekk opphavleg namnet Flemingbreen etter W.L.S. Fleming. Han vart fotografert frå lufta i 1947 av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon under Finn Rønne og kartlagt i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey. Han fekk nytt namn av Rønne etter kaptein Lawrence R. Daspit i U.S. Navy, som assisterte Rønne-ekspedisjonen. Det opphavlege namnet vart overført til Flemingbreen på Fallières Coast.[1][2]
Daspitbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 68°10′S 65°45′W / 68.167°S 65.750°W | ||
Lengd | 9 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Daspitbreen 68°10′00″S 65°45′00″W / 68.1667°S 65.75°W | |||
Kjelder
endre- ↑ http://data.aad.gov.au/aadc/gaz/display_name.cfm?gaz_id=108432
- ↑ «Daspit Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Daspitbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).