Datasnoking
Datasnoking er å uløyves bryta seg inn på andre sine datamaskinar for å utnytte eller endre data, eller for å nytta maskina til eigne føremål. Nokre driv med datasnoking som fritidssyssel, medan andre gjer det for å få tak i informasjon eller for å nytta datamaskina til å spreia søppelpost, for tilgangsnektingsåtak, osb.
Kriminelle bryt seg inn på andre sine datamaskinar for å nytta dei til ljossky aktivitet som å freista å få tak i passord til nettbankar, personnummer (nettfiske), eller for å gjera det vanskelegare å spora dei når dei går til åtak på andre maskinar. Hemmelege tenester til statar driv òg med datasnoking i samband med spionasje og føretak kan nytta datasnoking i samband med industrispionasje, der målet er å få tak i foretningsløyndomar til konkurrentar.
Datasnokarar nyttar ulike metodar, som trojanar, shellcode, falske e-postar, nettfiske, nettsidekapring, osb.
Tiltak mot datasnoking
endreDet finst fleire tiltak for å unngå datasnoking, som å nytta brannmur, antivirusprogram og å syta for å ha oppdatert systemprogramvare og brukarprogram. Eit effektivt tiltak kan vera å ikkje opna vedlegg til e-post frå ukjente avsendarar og ikkje gå inn på nettstadar ein ikkje har tillit til. Ein vanleg måte å bryta seg inn på andre sine maskinar på er å leita opp ukrypterte trålaust nett, så når ein nyttar skile er det viktig at ein er nøye med å passa på at trafikken er kryptert.