Daugavgrīva
Daugavgrīva (tysk Dünamünde; polsk Dynemunt, russisk Усть-Двинск eller Ust`-Dvinsk) er eit nabolag nordvest i Riga i Latvia på venstrebreidda av Daugava. I dette nabolaget låg den svenske festninga som kontrollerte munningen til Daugava på venstrebreidda.
Festning
endrePå andre sida overfor Daugava, utanfor grensene til det noverande bydelen vart Daugavgrīva slott bygd i 1208 for å tene eit kloster som låg der. Den svenske festninga Dünamünde, teikna i nederlandsk stil av general Rothenburg i 1641, erstatta ruinane av Daugavgrīva slott i 1680.
I 1695 var kommandanten kaptein Heinrich Nicolaus Rüdinger, forfaren til den framtidige patriark Aleksej II av Russland. Rüdinger vart slått til riddar av Karl XI av Sverige.[1] Joachim Cronman vart seinare kommandant og han døydde 5. mars 1703.[2]
Etter at festninga vart erobra av russarane, bygde dei festninga om. Regenten av Russland, Anna Leopoldovna, mannen hennar Anton Ulrik, og sonen hennar Ivan VI vart sperra inne i Dünamünde i 1742.
Dei russiske styresmaktene gav festninga namnet Ust-Dvinsk i 1893, og tillet berre russiske soldatar å bu der. Dei bygde om festningsverka før den første verdskrigen. Under krigen vart Ust-Dvinsk bombardert av Schütte-Lanz luftskip SL 7 frå den tyske armeen. Etter at festninga vart teken av Det tyske keisardømet, vart ho inspisert av keisar Vilhelm II i 1917. Dei latviske styresmaktene øydela det meste av festninga fleire år seinare. Under den kalde krigen var Ust-Dvinsk base for sovjetiske soldatar. Staden vert i dag kalla Daugavgrīva på latvisk. Det står eit fyr ved Daugavgrīva i dag, opphavleg bygd i 1818. Det vart bygd om i 1863, 1920 og etter den andre verdskrigen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Daugavgrīva» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Veedla, Aarne (04.02.2003). «Patriarhi suguvõsa saladused» (på estisk). ekspress.ee. Arkivert frå originalen 8. desember 2008. Henta 6. desember 2010.
- ↑ Johan Gabriel Sparwenfeld (2002). J.G. Sparwenfeld's diary of a journey to Russia 1684-87. «Joakim Cronman (d. 1703), colonel with the garrison regiment of Narva 1679, colonel with the Savolaks and Nyslott provincial regiment 1683, commandant at Neumünde fortlet ...»
Bakgrunnsstoff
endre- Festninga i Daugavgriva (russisk)
- Historiske planteikningar av Dünamünde Arkivert 2005-05-14 ved Wayback Machine. (russisk med tyske kart)
- Diskusjon og bilete på www.fortification.ru (russisk med bilete og tyske kart)