Dave Benton

estlandsk songar og musikar

Efren Eugene Benita (fødd 31. januar 1951), kjend under artistnamnet Dave Benton, er ein popmusikar som vann Eurovision Song Contest 2001 for Estland saman med Tanel Padar og guttegruppa 2XL med songen «Everybody».

Dave Benton

Fødd31. januar 1951 (73 år)
FødestadAruba
OpphavEstland
Aktiv1970–
Sjangerpop
InstrumentPerkusjon, vokal
Verka sommusikar, songar

Benton blei fødd i Oranjestad på den karibiske øya Aruba i 1951 og flytta til USA då han var i 20-åra. Som trommeslagar og korist jobba han med The Drifters, Tom Jones, Billy Ocean, José Feliciano og The Platters.

Mens Benton budde i Nederland i 1980-åra møtte han den framtidige estiske kona si Maris på eit cruiseskip, og etablerte seg i Estland i 1997. Han har hatt ein variert musikarkarriere i nordeuropeiske land. Han bur no i Estland med sin kone og to døtrer, Sissi og Lisa. Han deltok i den tyske produksjonen av musikalen City Lights, og blei etterpå spurd om å erstatte Engelbert Humperdinck på turnéen hans til Australia.

Trass i at han har gjeve ut ein del album allereie (der eitt av dei er gjeve ut på morsmålet hans papiamento), har Benton vore meir utøvande som artist, og har prioritert å stå på scena framfor å spele inn plater.

Kjelder endre