Estland i Eurovision Song Contest

Estland debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og har delteke i tevlinga 26 gongar. Estland deltok også i kvalifiseringsrunda til Eurovision Song Contest i 1993, kalla Kvalifikacija za Millstreet, men bidraget Janika Sillamaa og «Muretut meelt ja südametuld» klarte ikkje å kvalifisere seg. Estland har vunne Eurovision Song Contest éin gong, i 2001.[1] Sidan innføringa av semifinalar i 2004, har Estland kvalifisert seg til finalen ved 8 av 18 anledningar.

Det er føreslått at denne sida blir fletta med Estisk i Eurovision Song Contest. (Sjå eventuelt diskusjon)
Estland

Offisielt Estland

ERR
Uttakingar
Nasjonalt 26
Internt 0
Deltaking
Debutår 1994
Deltakingar 26
Beste resultat
Semifinalen 3 (2009 og 2015)
Finalen 1 (2001)
Verste resultat
Semifinalen Sist (2016)
Finalen 24 (1994 og 2011)
Poeng
Semifinalane 1 513
Finalane 1 773
Totalt 3 286

Historikk

endre

Det er den estiske allmennkringkastaren ERR som sender Eurovision Song Contest i Estland, og som vel Estland sitt bidrag til Eurovision Song Contest. I 1993 var Estland eitt av sju nye medlemsland i Den europeiske kringkastingsunionen som ønskte å deltake i tevlinga. For å halde talet på antall deltakande land nede, kravde EBU at dei sju landa måtte gjennom ei eigen førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringa, ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Det estiske bidraget havna på ein femteplass og fekk dimed ikkje deltake i den internasjonale finalen.

Året etter debuterte Estland i Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Dublin. Bidraget «Nagu merelaine» enda nest sist med berre 2 poeng, og dimed var Estland ikkje kvalifisert til Eurovision Song Contest 1995.

Oppturen

endre

Eurovision Song Contest 1996 vart arrangert i Oslo, var Estland tilbake. Dette var starten på det som vart ein sterk periode for det baltiske landet. Estland kom på femteplass i Oslo og ein åttandeplass i Dublin året etter. I 1999 vart Estland nummer seks, og i 2000 var Estland ein av førehandsfavorittane med songen «Once in a Lifetime» av Ines.

Den fyrste sigeren til Estland kom allereie året etter, med songen «Everybody», framført av Tanel Padar og Dave Benton saman med gruppa 2XL. Dette var fyrste gongen eit austeuropeisk land vann tevlinga, og arrangement vart ein stor kostnad for den dåverande kringkastaren ETV. Fyrst i juni fekk kringkastaren finansieringa den trong for å kunne arrangere Eurovision Song Contest 2002.[2] Den lille TV-kanalen henta inn ekspertise utenfrå for å avvikle showet, blant anna stod norske Marius Bratten for TV-regien.[3]

På heimebane fekk landet sin nest beste plassering til nå, då «Runaway» av Sahlene havna på tredjeplass.

Nedturen

endre

Etter 2002 gjekk Estland inn i ein resultatmessig svak periode. I 2003 vart Estland nr. 21 av 26, og i perioden 2004 til 2008 klarte ikkje Estland å kvalifisere seg til finalen ein einaste gong.

Fyrst i 2009 klarte Estland å kvalifisere seg til finalen, då bidraget «Rändajad» av Urban Symphony havna på tredjeplass i semifinalen og ein sjetteplass i finalen. Ein ny sjetteplass kom tre år seinare med Ott Lepland og songen hans «Kuula». Nok ein topp ti-plassering kom i 2015, då Elina Born og Stig Rästa vart nummer sju med songen «Goodbye to Yesterday». Året etter kom Estland sitt svakeste resultat i Eurovision Song Contest, då det estiske bidraget havna på sisteplass i sin semifinale. Heller ikkje i 2017 klarte Estland å kvalifisere seg til finalen, sjølv om det estiske bidraget var ein av førehandsfavorittane. I 2018 snudde resultata igjen, då Elina Netsjajeva havna på ein åttandeplass i finalen med songen «La forza». Også i 2019 kvalifiserte Estland seg til finalen, med svenske Victor Crone.

Bidraga

endre
År Artist Song Andre språk Finalen Semifinalen
Poeng Plass Poeng Plass
  1993 Janika Sillamaa «Muretut meelt ja südametuld» Estisk Ikkje kvalifisert 47 5
  1994 Silvi Vrait «Nagu merelaine» Estisk 2 24
  1996 Maarja-Liis Ilus og Ivo Linna «Kaelakee hääl» Estisk 94 5 106 5
  1997 Maarja-Liis Ilus «Keelatud maa» Estisk 82 8
  1998 Koit Toome «Mere lapsed» Estisk 36 12
  1999 Evelin Samuel og Camille «Diamond of Night» Engelsk 90 6
  2000 Ines «Once in a Lifetime» Engelsk 98 4
  2001 Tanel Padar, Dave Benton og 2XL «Everybody» Engelsk 198 1
  2002 Sahlene «Runaway» Engelsk 111 3
  2003 Ruffus «Eighties Coming Back» Engelsk 14 21
  2004 Neiokõsõ «Tii» Võro Ikkje kvalifisert 57 11
  2005 Suntribe «Let's Get Loud» Engelsk 31 20
  2006 Sandra Oxenryd «Through My Window» Engelsk 28 18
  2007 Gerli Padar «Partners in Crime» Engelsk 33 22
  2008 Kreisiraadio «Leto svet» Serbisk, finsk og tysk 8 18
  2009 Urban Symphony «Rändajad» Estisk 129 6 115 3
  2010 Malcolm Lincoln og Manpower 4 «Siren» Engelsk Ikkje kvalifisert 57 11
  2011 Getter Jaani «Rockefeller Street» Engelsk 44 24 60 9
  2012 Ott Lepland «Kuula» Estisk 120 6 100 4
  2013 Birgit Õigemeel «Et uus saaks alguse» Estisk 19 20 52 10
  2014 Tanja «Amazing» Engelsk Ikkje kvalifisert 36 12
  2015 Elina Born og Stig Rästa «Goodbye to Yesterday» Engelsk 106 7 105 3
  2016 Jüri Pootsmann «Play» Engelsk Ikkje kvalifisert 24 18
  2017 Koit Toome og Laura «Verona» Engelsk 85 14
  2018 Elina Netsjajeva «La forza» Italiensk 245 8 201 5
  2019 Victor Crone «Storm» Engelsk 76 20 198 4
  2020 Uku Suviste «What Love Is» Engelsk Avlyst
  2021 Uku Suviste «The Lucky One» Engelsk Ikkje kvalifisert 58 13
  2022 Stefan «Hope» Engelsk 141 13 209 5
  2023 Alika «Bridges» Engelsk 168 8 74 10
  2024 5Miinust og Puuluup «(Nendest) narkootikumidest ei tea me (küll) midagi» Estisk 37 20 79 6

Røystehistorikk (1994-2021)

endre

Finalane

endre

Estland har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Russland 187
3   Sverige 182
3   Noreg 105
4   Finland 98
5   Latvia 88

Estland har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Finland 107
2   Latvia 105
3   Sverige 81
4   Irland 73
5   Litauen 72

Semifinalane

endre

Estland har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Finland 106
2   Nederland 67
3   Russland 64
4   Danmark 63
5   Ungarn 60

Estland har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Finland 104
2   Latvia 98
3   Litauen 69
4   Portugal 59
5   Kviterussland 49

Galleri

endre

Eurovision Song Contest i Estland

endre
År Stad Arena Programleiarar
2002   Tallinn Saku Suurhall Annely Peebo og Marko Matvere

Sjå òg

endre

Referansar

endre
  1. «Estonia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 9. desember 2016. 
  2. «Estland holder Grand Prix». VG Nett. 19. juni 2001. Henta 9. desember 2016. 
  3. Anders Grønneberg (18. april 2002). ««Norsk» GP fra Estland». Dagbladet. Henta 9. desember 2016. 

Kjelder

endre