Everybody av Tanel Padar, Dave Benton og 2XL

«Everybody»
Song av Tanel Padar, Dave Benton og 2XL
Land Estland
Språk Engelsk
Utgjeve 2001
Sjanger Pop, funk
Lengd 03:00
Selskap Universal[1]
Komponist Ivar Must
Låtskrivar(ar) Ivar Must og Maian-Anna Kärmas

«Everybody» (‘alle saman’) er ein estisk popsong som vann Eurovision Song Contest 2001 for Estland. Songen blei framført av duoen Tanel Padar og Dave Benton, og i tillegg hadde dei med seg hiphop-gruppa 2XL. Songen er komponert av Ivar Must, mens Maian-Anna Kärmas har skrive teksten. Songen tok ein overraskande siger i Eurovision Song Contest, men fekk liten kommersiell suksess etter finalen. Songen kom ikkje inn på norske VG-lista, og dette var fyrste gongen på fem år at ein Eurovision-vinnar ikkje nådde singellista i Noreg.[2]

Eurovision Song Contest endre

«Everybody» var eit av åtte bidrag som deltok i den estiske finalen i Tallinn 3. februar 2001, og ein internasjonal ekspertjury kåra songen til vinnar med 77 poeng. «Everybody» blei dimed det estiske bidraget til Eurovision Song Contest i København laurdag 12. mai same år.[3]

I den internasjonale finalen var «Everybody» det 20. bidraget på scena av 23 bidrag. I avrøystinga tok songen ei overraskande leiing med Danmark, Frankrike og Hellas like bak. Songen fekk 12 poeng frå heile ni land og vann til slutt med 198 poeng. Norske tv-sjåarar gav 10 poeng til songen.[4] Dette var den fyrste, og per 2023 einaste, sigeren til Estland i Eurovision Song Contest. Det var også fyrste gongen at eit land frå den tidlegare austblokka vant tevlinga. Det var også fyrste gongen ein farga artist vann Eurovision Song Contest; Dave Benton er opphavleg frå Aruba.

Listeplasseringar endre

Liste (2001) Høgaste
plassering
Veker
på lista
Debutdato
  Nederland (Single Top 100)[5] 64 4 16. juni 2001
  Sverige (Sverigetopplistan)[6] 12 7 7. juni 2001
  Tyskland (GfK Entertainment Charts)[7] 99 1 18. juni 2001

Kjelder endre

  1. «Tanel Padar & Dave Benton ‎– Everybody». Discogs.com. Henta 26. februar 2017. 
  2. «VG-lista (søkbar database)». VG Nett. Henta 26. februar 2017. 
  3. «Estonian National Final 2001». National Finals Pages. Henta 26. februar 2017. 
  4. «Eurovision Song Contest 2001 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 26. februar 2017. 
  5. Hung, Steffen. «Tanel Padar og Dave Benton – Everybody». dutchcharts.nl. Henta 26. februar 2017. 
  6. «Tanel Padar og Dave Benton – Everybody (Song)». hitparad.se. Henta 26. februar 2017. 
  7. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Tanel Padar' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 26. februar 2017.