David Andreas Lervaag

norsk forfattar og avisredaktør

David Andreas Lervaag (10. april 18628. mai 1907) var ein norsk forfattar og avisredaktør. Han vart fødd på Atløy i Askvoll kommmune.

David Andreas Lervaag
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. april 1862
Askvoll kommune
Død

8. mai 1907 (45 år)

Yrke forfattar, redaktør

Lervaag skreiv og gav ut fleire kristelege bøker på eige forlag. Den første boka kom på prent i 1894, og hadde tittelen Vidnesbyrd om Guds Ords kraft eller Erfaringer fra Sygeleiet : samt nogle aandelige Sange.

På slutten av 1800-talet gav han ut misjonsbladet Den syges Ven. Namnet på tidsskriftet blei endra til Det lille Trøsteblad. Bladet blei etter at David Andreas Lervaag døydde gitt ut av enka Astrid Lervaag til 1922.

David Andreas Lervaag var redaktør i avisa Firda Folkeblad frå starten av i 1906 og til våren 1907. Avisa blei prenta i Askvoll.

Lervaag engasjerte seg i kristeleg misjonsarbeid.

David Andreas Lervaag var frå ung alder plaga av sjukdom som gjorde han sengeliggande. Han nytta sjukeleiet til å skrive.

Bibliografi

endre

Bøker

endre
  • 1894 – Vidnesbyrd om Guds Ords kraft eller Erfaringer fra Sygeleiet : samt nogle aandelige Sange (Mandal: Utgiverens forlag)
  • 1895 – Den syge Pilgrims Bønner og Betragtninger (Bergen: Forlag ukjent) I fulltekst ved nb.no
  • 1896 – Om Sygebesøk : samt nogle salmer og sange (Mandal: Utgiverens forlag)
  • 1900 – Opmuntrende Vidnesbyrd fra Korsskolen (Askvoll: Utgiverens forlag) I fulltekst ved nb.no
  • 1903 – Kjæmp for Kronen : bønner og betragtninger (Askvoll: Utgiverens forlag)  [Andre utgåve]
  • 1904 – Trøstefulde betragtninger i livets strid og længsel (Askvoll: Utgiverens forlag)  [Andre utgåve]
  • 1904 – Trøstesalmer og sange (Askvoll: Utgiverens forlag)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre