Firda Folkeblad kom ut i åra mellom 1906 og 1992. Avisa vart fyrst utgjeve i Askvoll i dåverande Sogn og Fjordane fylke, under namnet Firda Folkeblad. Året etter skipinga vart avisas namn endre til Nordre Bergenhus Folkeblad. Frå 1909 vart avisa utgjeve i Florø. Avisa fekk att sitt opphavlege namn sommaren 1919. Avisa var ei Venstre-avis, som etter kvart vart redigert på nynorsk.

Det er føreslått at denne sida blir fletta med Nordre Bergenhus Folkeblad. (Sjå eventuelt diskusjon)

Siste utgåve av Firda Folkeblad kom ut fredag 21. august 1992.

Firda Folkeblad hadde fylgjande redaktørar:

  • Ola Hestebeit
  • Anders Lothe
  • David Gjerme
  • Daniel Liset
  • Agnar Skreidsvoll
  • Ludvik Botnen
  • Alf Folkestad
  • Nils Kåre Vedvik
  • Jan Andrew Nilsen
  • Olav Hatlemark
  • Else Gro Ommundsen

Bakgrunnsstoff

endre