David Zwilling (fødd 24. august 1949) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Abtenau i forbundslandet Salzburg som vann gull og sølv i alpin-VM 1974 og kom på andreplass i verdscupen i alpine greiner 1973.

David Zwilling


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 24. august 1949 (74 år)
Abtenau
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1972

Utmerkingar

æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken

Aktiv endre

Zwilling VM-debuterte i 1970 og vart nummer 13 i storslalåm under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina. To år seinare vart han nummer sju både i storslalåm og i utfor under Vinter-OL 1972 i Sapporo.

Under verdsmeisterskapen i alpine greiner 1974 i St. Moritz var Zwilling i sitt livs form. Han var heilt suveren i utforrennet og vann med over eitt sekunds margin til favoritten, landsmannen Franz Klammer. Seinare i meisterskapen tok Zwilling sølvmedaljen i slalåm, einast Gustav Thöni frå Italia rann fortare.

Zwilling vann to renn i verdscupen, begge i storslalåm. Fyrste sigeren kom på tampen av 1971-sesongen, den andre i desember 1972. Han vart nummer to i verdscupen i alpine greiner 1973, førnemnde Gustav Thöni var hans overmann.

Tidleg i OL-sesongen 1976 pådrog Zwilling seg ein alvorleg skade og la opp.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar