Day After Day av Badfinger
Day After Day Singel av Badfinger frå albumet Straight Up | ||
B-side |
«Money» (USA) | |
---|---|---|
Utgjeve | 10. november 1971 (USA) 14. januar 1972 (Storbritannia) | |
Sjanger | Powerpop[1] | |
Lengd | 3:02 | |
Selskap | Apple | |
Låtskrivar(ar) | Pete Ham | |
Produsent | George Harrison | |
Badfinger-kronologi | ||
«No Matter What» (1970) |
Day After Day | «Baby Blue» (1972)
|
«Day After Day» er ein song av det britiske rockebandet Badfinger frå albumet Straight Up i 1971. Han vart skriven av Pete Ham og produsert av George Harrison, som òg spelar slidegitar på innspelinga. Songen vart gjeven ut på singel og vart ein av dei største hittane til Badfinger. Singelen nådde fjerdeplassen på singellista i USA og selde til gullplate.
Innspeling
endre«Day After Day» vart skriven og sungen av Pete Ham. Innspelinga var produsert av George Harrison,[2] som òg spelar slidegitar på songen i lag med Ham.[3] Leon Russell spelar piano på albumet. Sidan songen var uferdig då Harrison måtte gje seg som produsent for å konsentrere seg om Concert for Bangladesh, vart den endelege miksen gjort av Todd Rundgren, som tok over som produsent på Straight Up etter Harrison.
Utgjeving
endreSongen kom ut på singel i USA i november 1971 (januar 1972 andre stader) og vart den største hitten til Badfinger der. Singelen nådde fjerdeplassen på Billboard Pop Singles-lista.[4] Han nådde òg tiandeplassen på UK Singles Chart i januar 1972. Han er ein av dei mest kjende songane til bandet, og er særleg kjend for slidegitarsoloane. Singelen selde til gullplate i mars 1972 og vart den første og einaste gullplata deira. «Day After Day» nådde tiandeplassen på Easy Listening-lista.[5]
Medverkande
endreBadfinger
- Pete Ham – solovokal, akustisk gitar, slidegitar
- Tom Evans – korvokal, bassgitar
- Joey Molland – korvokal, akustisk gitar
- Mike Gibbins – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- George Harrison – slidegitar
- Leon Russell – piano
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Andre versjonar
endre- I 1972 gav The Lettermen ut songen på albumet Lettermen - 1.
- I 1972 spelte Engelbert Humperdinck inn songen for albumet sitt In Time.
- I 1986 spelte Savatage inn songen på albumet deira Fight for the Rock.
- I 1990 spelte Dreams So Real inn songen for albumet deira Gloryline.
- I 1990 spelte synthpopbandet Exotic Birds inn songen for albumet deira Equilibrium.
- I 2006 spelte Rod Stewart inn songen på albumet sitt Still the Same… Great Rock Classics of Our Time.
- I 2006 spelte Neal Morse inn songen på albumet sitt Cover to Cover.
- I 2008 spelte Midge Ure inn songen på albumet sitt 10.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Day After Day (Badfinger song)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sendra, Tim. «Various Artists – Golden Groups & Glitter Sounds». AllMusic. All Media Network. Henta 9. mai 2014.
- ↑ Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1977). «1971 – My Sweet Lord, He's So Fine». All Together Now – The First Complete Beatles Discography 1961–1975 (Second utg.). New York: Ballantine Books. s. 106. ISBN 0-345-25680-8.
- ↑ Rodriguez, Robert (2010). Fab Four FAQ 2.0: The Beatles' Solo Years, 1970–1980 (illustrated utg.). New York: Backbeat Books. s. 41. ISBN 9780879309688.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 42.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961–2001. Record Research. s. 26.
- ↑ «Go-Set Australian charts – 15. april 1972». poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 13. mai 2013. Henta 26. oktober 2017.
- ↑ «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 3. oktober 2016.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book. Menonomee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 28. ISBN 978-0-89820-213-7.
- ↑ «Top Pop 100 Singles» Billboard 30. desember 1972: TA-3
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 10. juni 2018.