De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

Koordinatar: 61°11′16″N 7°13′4″E

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit museum i Kaupanger i Vestland. Museet blei skipa av Gert Falch Heiberg i 1909. Frå 2009 er det ein del av Musea i Sogn og Fjordane.

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum

Helgeheimstova
StadSogndal kommune
Skipa1909
Kart
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
61°12′25″ N 7°11′17″ E
Hovudbygningen

Historie Endra

Museet har fått namnet sitt frå museumspioner Gert Falch Heiberg. Heiberg samla gjenstandar frå Sogn tidleg på 1900-talet, og i 1905 bygde han ein utstillingsbygning. I 1909 donerte han samlinga si til Historielaget for Sogn og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum vart etablert og bygd opp på ein del av Heiberg sin eigedom.[1]

Museet på Kaupanger Endra

Museet ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og omfattar et friluftsmuseum med om lag 30 bygningar som stammar frå ulike tidsepokar - frå mellomalderen til 1980-talet, eit tradisjonelt gardsbruk med hest, kyr, sauer, griser og høns, i tillegg til utstillingsbygning med faste og skiftande utstillingar. Museet har også kafé og museumsbutikk. Utstillingsbygningen er open heile året, medan resten av museet har ope frå mai til september.[2]

Eit av tilboda som besøkande og andre kan nytte seg av er innspelte lydguidar som fortel historia til 40 punkt og bygningar i friluftsmuseet.[3]

Avdelingar Endra

De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum har to avdelingar: Sogn Fjordmuseum ligg ved Kaupanger ferjekai med båtar og alt som har med fjordkulturen å gjera, og Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand vart en del av museet i 2007.

Kjelder Endra

  1. Engesæter, Aage (2001), Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  2. Om museet De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
  3. Lydguide til friluftsmuseet

Bakgrunnsstoff Endra