De diepte

song frå 2022 med S10
«De diepte»
Song av S10

Land Nederland
Språk Nederlandsk
Utgjeve 3. mars 2022
Sjanger Indie pop
Lengd 02:56
Selskap Noah's Ark
Komponist S10, Arno Krabman
Tekstforfattar S10, Arno Krabman
Låtskrivar(ar) Arno Krabman, Stien den Hollander

«De diepte» (norsk omsetjing 'djupna') er ein song frå 2022 av den nederlandske songaren og rapparen Stien den Hollander, kjend som S10. Ho skreiv låten saman med Arno Krabman. Songen vart gjeven ut 3. mars 2022 og var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.

Om songen endre

«De diepte» handlar om dei mest personlege minna til den Hollander. Ifølgje den Hollander er songen ei hylling til tristheita og minna ein ber med seg: «Alle opplever vanskar i livet. Det er noko vi alle har til felles, og eg håpar du vil føle deg mindre åleine når du lyttar til songen».[1]

Songen vart skriven av den Hollander samman med musikkprodusenten Arno Krabman.[2] Han vart plukka ut av kringkastaren AVROTROS til å representere Nederland i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Dette var fyrste gongen Nederland sende eit Eurovision-bidrag på nederlandsk sidan 2010.[1]

Songen vart gjeven ut 3. mars 2022 og presentert under ein pressekonferanse i Tuschinski Theatre i Amsterdam same dag.[3][4] Songen konkurrerte i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai. Songen vart nummer to i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai.[5] Der enda «De diepte» på ein ellevteplass.[6]

Listeplasseringar endre

Liste (2022) Høgaste
plassering
  Belgia (Ultratop Flandern)[7] 4
  Hellas (IFPI Greece)[8] 60
  Island (Tónlistinn)[9] 23
  Litauen (AGATA)[10] 8
  Nederland (Top 40)[11] 1
  Nederland (Single Top 100)[12] 1
  Storbritannia (UK Download (OCC))[13] 38
  Sverige (Sverigetopplistan)[14] 44

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Netherlands: S10 debuts Eurovision entry 'De Diepte' 🇳🇱». Eurovision.tv (på engelsk). 3. mars 2022. Henta 7. mars 2022. 
  2. «Arno Krabman». Discogs (på engelsk). Henta 7. mars 2022. 
  3. «Bekendmaking Eurovisie Songfestivalnummer S10 - Eurovisie Songfestival». AVROTROS.nl (på nederlandsk). 22. februar 2022. Henta 7. mars 2022. 
  4. «S10 to premiere her entry on 3rd March?». ESCXTRA.com (på engelsk). 21. februar 2022. Henta 7. mars 2022. 
  5. «First Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 7. mars 2022. 
  6. «S10 - Netherlands - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022. 
  7. «S10 - De diepte - ultratop.be». www.ultratop.be. Henta 19. juni 2022. 
  8. «Official IFPI Charts Digital Singles Chart (International) Week: 19/2022». www.ifpi.gr. IFPI Greece. Arkivert frå originalen 22. mai 2022. Henta 23. mai 2022. 
  9. «Plötutíðindi». Plötutíðindi (på islandsk). Arkivert frå originalen 19. mai 2022. 
  10. «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 19. juni 2022. 
  11. Top 40, Stichting Nederlandse. «S10 - De Diepte | Top 40». Top40.nl (på nederlandsk). Henta 16. mars 2022. 
  12. Hung, Steffen. «S10 - De diepte». hitparade.ch. Henta 16. mars 2022. 
  13. «Official Singles Downloads Chart Top 100 20 May 2022–26 May 2022». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. Henta 19. juni 2022. 
  14. «swedishcharts.com - S10 - De diepte». swedishcharts.com. Henta 19. juni 2022.