Dei sørlege Nederlanda
Dei sørlege Nederlanda (nederlandsk Zuidelijke Nederlanden, spansk Países Bajos del Sur, fransk Pays-Bas du sud) var ein del av Nederlanda som var styrt av Spania (Dei spanske Nederlanda, 1579-1713), Austerrike (Dei austerrikske Nederlanda, 1713-1794) og erobra av Frankrike (1794-1815). Regionen utgjorde det meste av dagens Belgia og Luxembourg, samt fram til 1678 det meste av dagens Nord-Pas-de-Calais, ein region nord i Frankrike. I motsetnad til franske Bourgogne og dei republikanske Nordlege Nederlanda, hadde desse statane tilgang til Den burgundiske rikskretsen i Det tysk-romerske riket, heilt til riket enda.