Hertugdømet Luxembourg
Grevskapet, seinare Hertugdømet Luxembourg (luxembourgsk Lëtzebuerg, tysk Luxemburg) var ein stat i Det tysk-romerske riket, og fedrelandet til Huset Luxembourg.
Grofschaft (Herzogtum) Lëtzebuerg (luxembourgsk) Grafschaft (Herzogtum) Luxemburg (tysk) Comté (Duché) de Luxembourg (fransk) Grevskapet (Hertugdømet) Luxembourg | ||||
Stat i Det tysk-romerske riket del av Dei burgundiske Nederlanda (1443–1482) del av Dei habsburgske Nederlanda (1482–1794) | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Hertugdømet Luxembourg in 1477 | ||||
Hovudstad | Luxembourg | |||
Språk | Luxembourgsk, tysk, fransk | |||
Religion | Den katolske kyrkja | |||
Styreform | Fyrstedøme | |||
Historisk periode | Mellomalderen | |||
- Grev Siegfried først nemnd |
||||
- Overteken av Luxembourg-dynastiet |
1214 | |||
- Opphevd til hertugdøme | 1354 | |||
- Halden av hertugane av Bourgogne |
1443 | |||
- Til Habsburg | 1482 | |||
- Okkupert av Frankrike | 1794 | |||
- Storhertugdøme gjenoppretta |
1815 |
Historie
endre- For meir om dette emnet, sjå luxembourgsk historie.
Første gong området vart nemnd var av Julius Cæsar i hans Kommentarar om Gallarkrigen.[1] Den historiske regionen Luxembourg var ein del av den romerske provinsen Belgica Prima.[2] Etter at germanske stammer invaderte området frå aust, vart Luxembourg ein del av Frankarriket, og med freden i Verdun i 843 vart han ein del av provinsen Midtfrankarriket i Lotharingien. Med freden i Ribemont i 880 vart området ein del av Austfrankarriket.
Moderne historikarar reknar at opphavet til Luxembourg kjem frå ordet Letze, som tyder festningsverk[3] og som kan ha vist til anten restane av eit romersk vakttårn eller til ein primitiv tilfluktsstad tidleg i mellomalderen.
Grevskap (963–1353)
endreMed delinga av Lotharingien i 959 gjekk området til hertug Fredrik I av Øvre Lorraine frå Ardennes-Verdun-dynastiet, ein son av pfalzgreven Wigeric av Lotharingien. I 963 kjøpte grev Siegfried, truleg ein yngre bror av hertug Fredrik I, noko land frå abbed Wikerus av Saint Maximin-klosteret i Trier. Dette landområdet låg krign ruinane av ei ei, visstnok romersk, festning med det gammalhøgtyske namnet Lucilinburhuc (som omfte er omsett til «vesle borg»). Etter få år hadde grev Siegfried bygd ei ny borg over desse ruinane, på ei klippe som seinare vart kalla Bock Fiels. Denne borga dominerte eit område langs den gamle romarvegen mellom Reims, Arlon og Trier, noko som òg opna for handel og toll. Trass i den nybygde borga, ser det ikkje ut til at dette var hovudresidensen til Siegfried og etterkomarane hans. Den verkelege historia til Luxembourg byrjar med bygginga av denne borga.
Dei neste åra voks det fram ein liten by og ein marknad kring den nye borga. Dei første innbyggjarane var truleg tenarane til grev Siegfried og prestestanden frå Saint Michael-kyrkja. Det vart bygd bymur og ei vollgrav kring del ar av busetnaden.
I tillegg til den vesle byen nær Bock Fiels og romarvegen, oppstod det ein annan busetnad i Alzettedalen (i dag Grund-kvarteret). I 1083 hadde denne byen to kyrkjer og to bruer over elvane Alzette og Petruss. Innbyggjarane hadde forskjellige yrke som fiskarar, bakarar og møllarar. Same året vart det grunnlagd eit benediktinarkloster, Altmünster, av grev Konrad på åsen bak Luxembourg slott.
Henrik III var den første kjende greven som budde fast i Luxembourg slott. I eit dokument frå 1089 vert han omtalt som comes Henricus de Lutzeleburg, som òg gjer han til den første dokumenterte greven av Luxembourg.
Kring denne festninga utvikla byen seg gradvis og vart senteret i ein liten, men viktig stat av stor strategisk verdi for Frankrike, Tyskland og Nederlanda. Festninga i Luxembourg vart gradvis utbygd og forsterka over åra av etterkomarane, som gjorde ho til ein av dei mektigaste festningane i Europa. Det formidable festningsverket og den strategiske plasseringa gjorde at ho vart kjend som «Nordens Gibraltar».
Fleire medlemmar av Huset Luxembourg vart tysk-romerske keisarar, kongar av Båohmen, og erkebiskopar av Trier og Mainz. Frå tidleg i mellomalderen til renessansen hadde Luxembourg fleire forskjellige namn, avhengig av forfattarane. Desse var mellom andre Lucilinburhuc, Lutzburg, Lützelburg, Luccelemburc og Lichtburg.
Hertugdøme (1353–1790)
endreLuxembourg vart verande eit sjølvstendig len (land) i Det tysk-romerske riket, då keisar Karl IV i 1354 opphøgde det til eit hertugdøme for bror sin Wenceslaus. Landområda til hertugdøma oppstod i 1353 då det gamle grevskapet Luxembourg, markgrevskapet Arlon, grevskapa Durbuy og Laroche samt distrikta Thionville, Bitburg og Marville vart slått saman. Grevskapet Vianden kan òg reknast med, sidan det var ein vasall for grevane og hertugane av Luxembourg sidan 1264.
I 1443 gjekk hertugdømet til hertugen Filip den gode av Burgund frå det franske Huset Valois, og i 1477 gjennom ekteskap til erkehertug Maximilian I av Austerrike frå Huset Habsburg. Dei sytten provinsane i det tidlegare Dei burgundinske Nederlanda vart danna som ein viktig union av keisar Karl V med Den pragmatiske sanksjonen av 1549. I 1794 enda dei franske revolusjonære denne situasjonen.
Storhertugdøme (1815 til i dag)
endre- For meir om dette emnet, sjå Luxembourg.
Først med Wienerkongressen i 1815 vart denne situasjonen løyst, då Hertugdømet Luxembourg vart oppgradert til eit storhertugdøme av Den tyske konføderasjonen, og gjeven til kong Vilhelm I av Nederland i ein personalunion med Kongedømet Nederland.
Kjelder
endre- ↑ «Luxembourg». Catholic Encyclopaedia. 1913. Henta 18. januar 2012.
- ↑ "Luxembourg." Funk & Wagnalls New Encyclopedia, 16. Funk & Wagnalls, Inc., 1990. ISBN 0-8343-0091-5
- ↑ J.-P. Koltz, Baugeschichte der Stadt und Festung Luxemburg, I. Band
- Denne artikkelen bygger på «County, Duchy and Grand Duchy of Luxembourg» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ermesinde et l'affranchissement de la ville de Luxembourg; Etudes sur la femme, le pouvoir et la ville au XIIIe siècle, sous la direction de Michel Margue, Publications du Musée d'Histoire de la Ville de Luxembourg, Publications du CLUDEM tome 7, Luxembourg 1994.
- Tatsachen aus der Geschichte des Luxemburger Landes, Dr. s. J. Müller, Luxemburg 1963, Verlag "de Frendeskres", Imprimerie Bourg-Bourger.
- Vivre au Moyen Age: Luxembourg, Metz et Trèves; Etudes sur l'histoire et l'archéologie urbaines, sous la direction du Musée d'Histoire de la Ville de Luxembourg, Publications Scientifiques du Musée d'Histoire de la Ville de Luxembourg, tome 2, Luxembourg 1998.