Dei olympiske gudane
(Omdirigert frå Dei tolv olympiske gudane)
Dei olympiske gudene er ein viktig del av gresk mytologi. Dei var som regel rekna som tolv gudar og gudinner gresk dodekatheon (frå gresk δωδεκα, 'tolv' og θεον, 'gudar'), men ulike figurar blei rekna med til dei tolv. Gudane heldt til på fjellet Olympen (Ólymbos). Dei fekk makta i gudeverda etter å ha sigra over titanane.
Dei tolv gudane som vanlegvis blei framstilt i kunst og poesi var Zevs, Hera, Poseidon, Demeter, Athene, Hestia, Apollon, Ares, Afrodite, Hefaistos, og Hermes. Brørne Zevs, Poseidon og Hades, som herska over himmelen, havet og underverda.