Deig er ein jamn masse av ingrediensar som er elta og forma. Ein bruker særleg deig til bakst, der ein kan blanda saman ingrediensar som mjøl, feitt, væske og ulike tilsetjingsstoff. Nokre typar deig til å baka med er mørdeig, gjærdeig og surdeig. Etterleddet -deig kan også brukast i massar med liknande konsistens, som kjøtdeig.[1]

Ein gjærdeig

Mange typar deig inneheld hevemiddel, som surdeigskultur, gjær, bakepulver, natron, hjortetakksalt eller piska egg(ekvite).[2][3] Andre typar deig treng ikkje heva, til dømes fordi produkta ein lager er små eller flate.

For å få eit ferdig produkt kan ein dela opp og forma deigen og varmebehandla han gjennom steikingtakke, over eld eller i omn, koking eller frityrsteiking.

Sjå òg endre

Kjelde endre

  1. «deig» i Nynorskordboka.
  2. «Baking School Day 1: All About Eggs and Baking», Kitchn (på engelsk), henta 6. juni 2019 
  3. «Hevemidler», Opplysningskontoret for brød og korn (på norsk bokmål), henta 6. juni 2019