Steikeomn

Steikeomn eller bakaromn er ein omn ein kan bruka til steiking, baking eller grilling av mat. Slike omnar finst i ei rekkje materiale og utformingar, og kan nytta ulike oppvarmingsmåtar, som eld frå ved, kol eller naturgass, eller elektrisk energi. Omnar kan brukast til å laga ulike typar mat som bakverk, steik eller grateng.

Tandoromn bygd ned i bakken i Lar nasjonalpark i Iran.

HistorieEndra

 
Bakaromn i Pompeii

Tidlege omnar blei hovudsakleg laga av stein eller leire. Med den enklaste forma tente ein eld inne i omsrommet og tok ut brenselet før ein let maten koka i varmen som var att. Meir kompliserte omnar hadde ulike rom for brensle og mat, slik at ein kunne regulera varmen betre.[1]

Utgravingar frå Indusdalkulturen har funne døme på mursteinsomnar med eitt rom av same type som tandoromnar som er kjende frå seinare tid.[2] Tidlege egyptiske omnar var sylinderforma med smalnande toppar, laga av leire frå Nilen. Inni var dei delte i to med eit eldrom nedst og eit bakerom øvst. Deig som skulle steikast blei sett i bakerommet gjennom eit hol i toppen.[3]

I Europa i mellomalderen kunne ein ha kommunale omnar der folk på staden leverte brød til steiking. I Noreg kunne større gardar ha eldhus eller bryggarhus med bakaromn, medan ein på mindre gardar steikte i gruer og på takke. Bakaromnar blei vanlegare på Sørlandet og Austlandet frå rundt 1700. Frå midten av 1800-talet kunne mindre bruk laga ein eigen bakaromn utandørs om dei ikkje hadde eige bryggarhus.[4]

Etterkvart blei det vanlegare med omnar som del av ein komfyr som ein også kunne steika oppå. Desse kunne lagast av støypejarn og etterkvart stål.[5] Vedkomfyrar med steikeomn blei fyrst utvikla på byrjinga av 1800-talet. Med desse hadde ein betre kontroll på varmen enn før. I slutten av hundreåret blei det vanleg å ta i bruk gass i byane, og frå rundt 1900 kunne ein også bruka elektrisitet.[6] I løpet av 1900-talet tok omnar ein varma opp elektrisk eller med gass i stor grad over frå ved- og kolomnar.[5] Utvikling av omnar med termostat og ulike innstillingar for temperatur og vifte gav brukaren endå betre kontroll.[7]

Store industrielle steikeomnar blei utvikla frå slutten av 1800-talet. Slike omnar hadde oppvarmingsrom som blei varma med kol eller damp, og bakerom som var skilde frå dampen og røyken. Desse kunne baka store mengder bakverk effektivt og utan avbrot.[8]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. Darvill, Timothy (19. august 2021). «oven» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-184278-8. doi:10.1093/acref/9780191842788.001.0001/acref-9780191842788-e-2914. 
  2. Dales, George F. (1974). «Excavations at Balakot, Pakistan, 1973». Journal of Field Archaeology 1 (1/2): 3–22. ISSN 0093-4690. doi:10.2307/529703. 
  3. «baking | Description, History, Types, & Facts», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 19. oktober 2021 
  4. Sjarmerende bryggerhus | Magasinet Norske Hjem (på norsk bokmål), henta 20. oktober 2021 
  5. 5,0 5,1 «Stove», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 19. oktober 2021 
  6. «Teknologi i hjemmet - Norsk Folkemuseum», norskfolkemuseum.no, henta 20. oktober 2021 
  7. https://foodcrumbles.com/oven-history/
  8. «A history of the bread oven» (engelsk). het MOT. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Steikeomn
Litteratur
  • Rønnevig, Else; Torkildsen, Ole Christian (2010). Bakerovnen : verne, bygge, bruke. Sprossa. ISBN 9788290912036. 
  • Rønnevig, Else; Snortheim, Olav (2001). Bakaromnen : trend og tradisjon. Samlaget. ISBN 8252157408.