Steiking
Steiking er ein måte å laga til mat på som nyttar sterk varme og ikkje hovudsakleg er koking i vatn. Ein kan steika noko direkte over eld, på spyd eller grill, på panne eller takke, eller i omn. Ein kan steika ei rekkje ulike mattypar. Nokre av dei har namn som reflekterer tillaginga, som steik, steikeball, steikefisk, steikegraut og wok.
Ein steiker gjerne med feitt, anten i form av tilført matfeitt eller i feittet råvara inneheld. Ettersom feitt kan nå høgare temperaturar enn vatn utan å gå over til gass, kan ein også oppnå svært høge temperaturar ved steiking. Dette kan føra til ulike reaksjonar, som karamelisering av sukker eller maillardreaksjonar der sukker og aminosyrer fører til bruning av utsida til maten og utvikling av ein særskild smak. Det gjer også at oppvarmingsprossessen kan gå fortare og at ein reduserer vassinnhaldet i matvarene, slik at steikt mat gjerne får ein karakteristisk sprø konsistens.
Ulike former for steikingEndra
- Bruning – nokså lett steiking der ein ingrediensen eller overflaten blir brun[4]
- Fritering, frityrkoking eller frityrsteiking – steiking i store mengder feitt (matolje eller smult)[5]
- Halvsteiking – laging av mat som ikkje blir gjennomsteikt, til dømes i samband med bakverk som er slik steikt at det held fasongen, men ikkje har brun skorpe[7]
- Risting – steiking direkte på eld eller glør, eller i tørr panne,[8] til dømes nøtter, krydder, te, kaffi- og sjokoladebønner
- Sprøsteiking – steiking til noko blir sprøtt, til dømes brødskiver eller sild[11]
KjelderEndra
- ↑ «bake», Det Norske Akademis ordbok (på norsk), henta 28. februar 2019
- ↑ «bresere » i Nynorskordboka.
- ↑ «bresere - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 10. mars 2019
- ↑ «brune», Det Norske Akademis ordbok (på norsk), henta 28. februar 2019
- ↑ «fritere», Det Norske Akademis ordbok (på norsk), henta 28. februar 2019
- ↑ «grille», Det Norske Akademis ordbok (på norsk), henta 28. februar 2019
- ↑ «halvsteike» i Nynorskordboka.
- ↑ «riste», Det Norske Akademis ordbok (på norsk), henta 28. februar 2019
- ↑ «råsteike» i Nynorskordboka.
- ↑ «sautere», Det Norske Akademis ordbok (på norsk), henta 28. februar 2019
- ↑ «sprøsteike» i Nynorskordboka.
- ↑ «tvisteike» i Nynorskordboka.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Frying» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2019.