Dekwaneh
Dekwaneh (arabisk دكوانة , Dikwene eller Dekweneh) er ein forstad nord for Beirut i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Folkesetnaden er hovudsakleg maronittiske kristne.[1] Tel al-Zaatar, ein UNRWA-styrt palestinsk flyktningleir som huste 50 000-60 000 flyktningar og som var åstad for Tel al-Zaatar-massakren låg i utkanten av byen.[2]
Dekwaneh | |||
دكوانة | |||
by | |||
General Elias Wessin (Wazen)-gata i Dekwaneh i Libanon.
| |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Matn distrikt | ||
Koordinatar | 33°52′45″N 35°32′37″E / 33.87917°N 35.54361°E | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
• Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Dekwaneh 33°52′45″N 35°32′37″E / 33.87916667°N 35.54361111°E | |||
Kart som viser Dekwaneh.
| |||
Wikimedia Commons: Dekwaneh |
Arkeologi
endreDekwaneh I ligg kring 700 m nordvest for Mar Roucos-klosteret, i nokre raviner på vestsida av ein r ygg. Her vart det funne flintreiskap frå Acheuléen i tillegg til store mengder avfall frå midtre eldre steinalder som indikerer at det var ein fabrikk på den tida.[3]
Dekwaneh II inneheld òg flintreiskapar frå Qaraoun-kulturen frå yngre steinalder med massive økser, hakker og skraper. Andre reiskapar frå yngre steinalder vart funne på staden.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dekwaneh» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Samir Khalaf (2002). Civil and uncivil violence in Lebanon: a history of the internationalization of communal conflict. Columbia University Press. s. 222–. ISBN 978-0-231-12477-5. Henta 22. august 2014.
- ↑ P. Edward Haley; Lewis W. Snider; M. Graeme Bannerman (1979). Lebanon in crisis: participants and issues. Syracuse University Press. s. 26–. ISBN 978-0-8156-2210-9. Henta 22. august 2014.
- ↑ Lorraine Copeland; P. Wescombe (1965). Inventory of Stone-Age sites i Libanon, p. 85. Imprimerie Catholique. Henta 21. juli 2011.[daud lenkje]