Demenskoret er ein norsk dokumentar- og realityserie som gjekk på NRK i 2023. I serien blir det sett saman eit songkor der alle medlemmane har demens. Serien følgjar koret fram mot målet som er ein konsert på Chat Noir, og forsøker å syne den positive effekten musikk har på personar med demens.[1] Ingrid Gjessing Linhave var programleiar for serien mens Kim Wigaard var dirigent for koret.[2] Serien er basert på BBC-serien Our dementia choir.[3] Etter at serien hadde premiere, blei det starta liknande demenskor fleire stader i Noreg.[4]

Demenskoret
Typefjernsynsserie
Sjangerdokumentarserie
OpphavslandNoreg
Sesongar1
Episodar6
KanalNorsk rikskringkasting

Under Gullruten 2023 vann koret publikumsprisen mens serien fekk fagprisen for «beste regi enkamera - reality» ved Linn Høyer-Pedersen og Ragnhild Seierstad.[5][6] Programmet var også nominert i klassen «beste karakterdrevne dokumentarserie», mens Ingrid Gjessing Linhave var nominert i klassen «beste programleder – underholdning» og kormedlem Jan Runar Eliassen i klassen «årets nye deltaker».[7]

Prisar og nominasjonar

endre
Utmerking Kategori Nominert/vinnar Resultat
Demensprisen for Oslo 2022[8] N/A N/A Vann
Gullruten 2023[5][6][7] Beste karakterdrivne dokumentarserie N/A Nominert
Beste programleiar – underhalding Ingrid Gjessing Linhave Nominert
Årets nye deltakar Jan Runar Eliassen Nominert
Publikumsprisen Demenskoret Vann
Beste regi einkamera - reality Linn Høyer-Pedersen og Ragnhild Seierstad Vann
Vesleblakken-prisen 2023[9] N/A N/A Vann
UiOs menneskerettighetspris – Lisl og Leo Eitingers fond 2023[10] N/A Demenskoret, Ingrid Gjessing Linhave og Kim Wigaard Vann


Kjelder

endre
  1. «Demenskoret». nrk.no. 8. desember 2022. Henta 1. mai 2023. 
  2. «Demenskorets dirigent: – Jeg har aldri før fått maken til respons». aftenposten.no. 13. januar 2023. Henta 1. mai 2023. 
  3. «Mange etiske vurderinger bak «Demenskoret»: Opplevde dødsfall under innspillingen». journalisten.no. 13. januar 2023. Henta 1. mai 2023. 
  4. «Serien rører nordmenn – nå vil flere starte egne demenskor». nrk.no. 14. januar 2023. Henta 1. mai 2023. 
  5. 5,0 5,1 «Vinnerne av Gullrutens Fagpriser 2023». rushprint.no. 25. april 2023. Henta 1. mai 2023. 
  6. 6,0 6,1 «Demenskoret vant Gullrutens publikumspris». nrk.no. 12. mai 2023. Henta 15. mai 2023. 
  7. 7,0 7,1 «Disse er nominert til «Gullruten 2023»». tv2.no. 17. april 2023. Henta 1. mai 2023. 
  8. «NRKs Demenskor fikk Demensprisen for Oslo 2022». aldringoghelse.no. 21. september 2022. Henta 10. juli 2023. 
  9. «Vesleblakken-pris til Demenskoret». nrk.no. 29. juni 2023. Henta 10. juli 2023. 
  10. «Ny pris til «Demenskoret»». vg.no. 5. juli 2023. Henta 10. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre