Ingrid Gjessing Linhave

Ingrid Gjessing Linhave (fødd 23. juli 1977 i Bergen) er ein norsk programleiar, tilsett i NRK.[1]

Ingrid Gjessing Linhave
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juli 1977 (46 år)
Bergen Sjå dette på Wikidata
Yrke programleiar
Prisar UiOs menneskerettighetspris – Lisl og Leo Eitingers fond

Linhave er utdanna fjernsynsregissør frå Høgskolen i Lillehammer. Saman med Solveig Kloppen var ho programleiar for andre sesong av Idol i 2004. Linhave delte i 2012 på programleiarjobben i Sommeråpent med Nadia Hasnaoui,[2] og var òg programleiar i 2013. Hausten 2012 var Linhave programleiar for Nitimen på NRK P1 med Espen Thoresen. Hausten 2013 tok ho over etter Linn Skåber som fast paneldeltakar i Nytt på Nytt, der ho slutta i 2015.

I 2020 og 2021 var Linhave programleiar for Melodi Grand Prix saman med Kåre Magnus Bergh og Ronny Brede Aase.[3]

Linhave er kusina til Anne Lindmo.

Referansar endre

  1. Linhave, Ingrid Gjessing Pressemelding fra NRK
  2. «Disse to leder «Sommeråpent»». VG Nett. 6. juni 2012. Henta 6. juni 2012. 
  3. Hagen, Knut-Øyvind (5. desember 2019). «Her er neste års programledere for Melodi Grand Prix» (på norsk bokmål). Henta 19. februar 2020.