Demolition av Judas Priest
Demolition Studioalbum av Judas Priest | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. juli 2001 | |
Innspelt | 1999–2001, Silvermere Studios, Surrey, England | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 1:18:43 | |
Selskap | SPV/Steamhammer (Europa og Japan) Atlantic Records (USA) | |
Produsent | Glenn Tipton og Sean Lynch | |
Judas Priest-kronologi | ||
---|---|---|
Jugulator (1997) |
Demolition | Angel of Retribution (2005) |
Singlar frå Demolition | ||
|
Demolition er det 14. studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest, det første i 2000-åra. Albumet er det andre og siste med vokalisten Tim 'Ripper' Owens. Det er det einaste Judas Priest-albumet som har eit Parental Advisory-merke å grunn av nokre songar med bannord: «Machine Man», «Hell Is Home» og «Metal Messiah».
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Rolling Stone | link |
Bakgrunn og mottaking
endreEtter ei lunken mottaking av Jugulator, sette bandet seg ned for å sjå kva som gjekk gale og meinte at fansen føretrekte ein stil som var meir tru til tidlegare Priest-album. Albumet vart ei blanding av Jugulator-aktige riff, referansar til 80-tals Prist og sporadiske nu-metal-element, som samplingar og industrielle rytmar. Målet var å gje noko til alle fans, men albumet enda opp med å bli enno dårlegare motteke enn Jugulator, noko som etter kvart førte til at Rob Halford kom attende som vokalist i bandet.
Låtskriving og produksjon
endreAlbumet vart produsert av gitaristen Glenn Tipton, som òg tok over som hovudlåtskrivar på albumet. I lange tider hadde det vore Rob Halford, K.K. Downing og Tipton som skreiv songane til Judas Priest. Etter at Halford slutta fortsette Downing og Tipton å skrive alle songane for Jugulator. På dette albumet var mange av songane hovudsakleg skriven av Tipton aleine, med bidrag frå Downing på fleire songar. Den tidlegare produsenten, Chris Tsangarides, som var medlåtskrivar på songen «A Touch of Evil» på Painkiller hjelpte òg Tipton på eit par songar. Sjølv trommeslagaren Scott Travis var medlåtskrivar på songen «Cyberface», det første og einaste bidraget hans på låtskrivarsida i bandhistoria. Dette var òg det første albumet sidan Painkiller der klaverspelaren Don Airey var gjestemusikar.
Songane «Machine Man» og «Feed on Me» vart gjevne ut i Judas Priest-plateboksen Metalogy.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Machine Man» | Glenn Tipton | 5:35 |
2. | «One on One» | K.K. Downing, Tipton | 6:44 |
3. | «Hell Is Home» | Downing, Tipton | 6:18 |
4. | «Jekyll and Hyde» | Tipton | 3:19 |
5. | «Close to You» | Downing, Tipton | 4:28 |
6. | «Devil Digger» | Tipton | 4:45 |
7. | «Bloodsuckers» | Downing, Tipton | 6:18 |
8. | «In Between» | Tipton | 5:41 |
9. | «Feed on Me» | Tipton | 5:28 |
10. | «Subterfuge» | Tipton, Chris Tsangarides | 5:12 |
11. | «Lost and Found» | Downing, Tipton | 4:57 |
12. | «Cyberface» | Tipton, Scott Travis | 6:45 |
13. | «Metal Messiah» | Tipton, Tsangarides | 5:14 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
14. | «What's My Name» | Tim «Ripper» Owens, Downing, Tipton | 3:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
14. | «Rapid Fire» (nyinnspeling) | Rob Halford, Downing, Tipton | 3:53 |
15. | «The Green Manalishi» (nyinspeling) | Peter Green | 4:09 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
14. | «What's My Name» | Owens, Downing, Tipton | 3:45 |
15. | «Rapid Fire» (nyinnspeling) | Halford, Downing, Tipton | 3:53 |
16. | «The Green Manalishi» (nyinnspeling) | Green | 4:09 |
Medverkande
endre- Judas Priest
- K.K. Downing – gitar
- Glenn Tipton – gitar
- Ian Hill – bassgitar
- Scott Travis – trommer
- Tim «Ripper» Owens – vokal
- Andre musikarar
- Don Airey – klaverinstrument
- Produksjon
- Produsert og arrangert av Glenn Tipton; medprodusent var Sean Lynch
- Mastra av Jon Astley
- Omslag av L-Space Design
- Bilete på baksida av Benjamin Davies
- Fotografi av Mick Hutson
Lister
endreLister (2001) | Plassering |
---|---|
Austerrikske album (Ö3 Austria)[2] | 50 |
Franske album (SNEP)[3] | 72 |
Tyske album (Media Control)[4] | 16 |
Svenske album (Sverigetopplistan)[5] | 55 |
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[6] | 72 |
US Billboard 200[7] | 165 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Demolition (Judas Priest album)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Demolition review». AllMusic.
- ↑ "Judas Priest - Demolition" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Demolition". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest - Demolition". Charts.de. Media Control. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Demolition". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest – Demolition". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
- ↑ "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2016.