Glenn Raymond Tipton (fødd 25. oktober 1947) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend som ein av sologitaristane i heavy metal-bandet Judas Priest. Han er kjend for den komplekse spelestilen og soloane som er inspirerte av klassisk musikk.

Glenn Tipton

Glenn Tipton i 2005
Fødd25. oktober 1947 (76 år)
FødestadBlackheath i England
FødenamnGlenn Raymond Tipton
OpphavStorbritannia
Aktiv1968 til i dag
SjangerHeavy metal, speed metal, hardrock
InstrumentGitar, vokal, klaverinstrument
Tilknytte artistarJudas Priest, The Flying Hat Band
PlateselskapColumbia, Atlantic
Verka somMusikar, låtskrivar
Glenn Tipton i 1984

Tipton lærte seg først å spele gitar då han var 19 år gammal og det første bandet hans var Shave Em' Dry, som vart Merlin og så Flying Hat Band. I mai 1974 kom Tipton med i Judas Priest, under innspelinga for Rocka Rolla. Tipton har vore med i Judas Priest sidan den gongen.

Utmerkingar og tilvisingar endre

  • Han vart rangert på 19. plassen på lista til rockemagasinet Hit Parader over dei 100 beste metal-gitaristane.
  • Han vart rangert på 28. plassen på lista til Gigwise over dei 50 beste gitaristane.[1]
  • Han vart rangert på niandeplassen på lista til MusicRadar over dei 20 beste metal-gitaristane gjennom tidenen.[2]
  • Han vart rangert på 25. plassen på lista til Joel Mclver over dei 100 beste metal-gitaristane.[3]
  • Sun Kil Moon gav ut ein song kalla «Glenn Tipton» på albumet Ghosts of the Great Highway.
  • I det populære videospelet Guitar Hero II, er det ein spelbar karakter kalla Izzy Sparks, som har klede som liknar dei Glenn Tipton nytta under Screaming for Vengeance-turneen i 1983.
  • Kerry King i Slayer har sagt at Tipton er ein av dei mest undervurderte gitaristane i verda og at Tipton var ein av dei første inspirasjonskjeldene hans.[4]
  • Dave Mustaine: «Glenn Tipton er min gitarhelt. Eg kjøpte til og med ein Fedora-hatt fordi eg såg Glenn Tipton med ein sånn i Sad Wings of Destiny-tida. Men eg såg ikkje like kul ut som han.»

Diskografi endre

Solo endre

Judas Priest endre

Sjå Judas Priest for den komplette lista over Judas Priest-album. Tipton spelte gitar på alle albuma deira.

Som gjesteartist endre

Kjelder endre

  1. «The 50 Greatest Gitarists... Ever!». Gigwise. 18 February 2008. Henta 10. september 2016. 
  2. «The 20 Greatest Metal Gitarists Ever». Musicradar. 18 March 2011. Henta 10. september 2016. [daud lenkje]
  3. Mciver, Joel (December 15, 2008). The 100 Greatest Metal Gitarists. Jawbone Press. ISBN 1906002207. 
  4. «Kerry King Interview - It's Good To Be King». Guitar Magazine. 10. september 2016. Arkivert frå originalen 6. oktober 2015. Henta 10. september 2016. 

Bakgrunnsstoff endre