Rob Halford
Robert John Arthur «Rob» Halford (fødd 25. august 1951) er ein engelsk songar og låtskrivar, som er mest kjend som vokalisten i heavy metal-bandet Judas Priest. Han har ei mektig, opera-aktig røyst. AllMusic sa om Halford: «Det har vore få andre vokalistar i historia innan heavy metal som har ein syngjestil som er så innverknadsrik og lett gjenkjenneleg», med ei røyst som «utan problem svingar mellom guttural brumming til øyredøyvande falsett».[1] Halford vart sett på 33. plassen på lista til Planet Rock-lyttarane i 2009 over dei beste vokalistane gjennom tidene.[2] I tillegg til arbeidet sitt med Judas Priest har han vore involvert i fleire sideprosjekt, som Fight, 2wo og Halford. I 1998 stod han fram som homofil, den første songaren innan heavy metal som gjorde dette.
Rob Halford | |||
Rob Halford i 2005 | |||
Fødd | 25. august 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sutton Coldfield, England | ||
Fødenamn | Robert John Arthur Halford | ||
Alias | Metal God | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1969 til i dag | ||
Sjanger | |||
Instrument | Vokal | ||
Stemmetype | tenor, baryton | ||
Tilknytte artistar | Judas Priest, Fight, 2wo, Halford, Black Sabbath | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, musikar |
Halford slutta i Judas Priest i 1991, men kom attende til bandet i 2003.
Halford har òg sunge med Black Sabbath på tre konsertar. Han erstatta Ronnie James Dio for to konsertar i november 1992 og igjen for Osbourne i august 2004.[3] Han har òg ei stemme i videospelet Brütal Legend i 2009, der han har røysta til General Lionwhyte, i tillegg til leiaren av Fire Barons.[4] I 2002 hadde Halford ei lita rolle i filmen Spun.
Diskografi
endreJudas Priest
endre- Rocka Rolla (1974)
- Sad Wings of Destiny (1976)
- Sin After Sin (1977)
- Stained Class (1978)
- Killing Machine (1978) (gjeve ut som Hell Bent for Leather i USA 1979)
- Unleashed in the East (1979)
- British Steel (1980)
- Point of Entry (1981)
- Screaming for Vengeance (1982)
- Defenders of the Faith (1984)
- Turbo (1986)
- Priest...Live! (1987)
- Ram It Down (1988)
- Painkiller (1990)
- Angel of Retribution (2005)
- Nostradamus (2008)
- A Touch of Evil: Live (2009)
- Redeemer of Souls (2014)
Fight
endre- K5 – The War of Words Demos (1992) (gjeve ut i 2007)
- War of Words (1993)
- Mutations (1994)
- A Small Deadly Space (1995)
2wo
endre- Voyeurs (1998)
Halford
endre- Resurrection (2000)
- Live Insurrection (2001)
- Crucible (2002)
- Live in Anaheim (2003) (released in 2010)
- Halford III: Winter Songs (2009)
- Halford IV: Made of Metal (2010)
Som gjesteartist
endre- Krokus – Headhunter – vokal på «Ready to Burn» (1983)
- Surgical Steel – Surgical Steel (demo), vokal på «Smooth And Fast» (1984)
- Hear 'n Aid (1986)
- Ugly Kid Joe – America's Least Wanted – korvokal på «Goddamn Devil» (1992)
- Skid Row – B-Side Ourselves – vokal på «Delivering the Goods» på eit konsertopptak (1992)
- Korvokal på songen «Hex 'n' Sex» for albumet med same namn av det tyske bandet Brings (1993)
- Bullring Brummies, eit studioband som kom saman for Nativity in Black ei hyllest til Black Sabbath (1994).
- Spelte inn songen «Light comes out of Black» med Pantera for Buffy the Vampire Slayer (1992)
- Queens of the Stone Age – Rated R – vokal på «Feel Good Hit of the Summer» (2000)
- Furious IV – Is That You? (2002)
- Spun film (2002) – «Pornclerk»
- Brütal Legend (2009) – røysta til General Lionwhyte, som er sterkt basert på glam metal-kulturen.
- Five Finger Death Punch-albumet The Wrong Side of Heaven and the Righteous Side of Hell, Volume 1 (2013) – vokal på «Lift Me Up», fr Revolver Golden God Awards (2013).
- The Simpsons – song ei utgåve av «Breaking the Law» i episoden «Steal This Episode» (2014).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rob Halford» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Prato, Greg. «AllMusic biography». AllMusic. Henta 10. september 2016.
- ↑ «Robert Plant voted rock's greatest voice». MusicRadar. 4 January 2009. Arkivert frå originalen 16. september 2016. Henta 10. september 2016.
- ↑ «Ozzy Osbourne Replaced By Rob Halford At Black Sabbath's Camden Gig». Blabbermouth.net. 26. august 2004. Henta 10. september 2016.
- ↑ Decibel Magazine 2009-04-19