Den nordatlantiske oscillasjonen

Den nordatlantiske oscillasjonen (NAO) er eit klimatisk fenomen i Nord-Atlanteren som består av svingingar i trykkskilnaden mellom lågtrykket ved Island og Asorehøgtrykket. NAO styrar styrken og retninga på vestavinden og stormbana i Nord-Atlanteren, og er knytt opp mot den arktiske oscillasjonen.

Positiv NAO-indeks gjev mildare og våtare vintrar i Nord-Europa, medan negative NAO-indeksar gjev kjøligare og tørrare vintrar. I Sør-Europa er det motsett.

NAO vart oppdaga på 1920-talet av Sir Gilbert Walker. På liknande måte som El Niño-fenomenet i Stillehavet, er NAO ein av dei viktigaste klimatiske svingingane i Nord-Atlanteren og kontinenta rundt.

Skildring endre

 
Årlege NAO-indeksar

Vestavinden bles på tvers av Atlanterhavet, og fører med seg varm og fuktig luft til Europa. Somme år er vestavinden kraftig, somrane kjølige, og vintrane milde og regnfulle. Om vestavinden ikkje hadde vore til, hadde ein hatt større temperaturskilnadar mellom sommar og vinter i Europa med heitebølgjer om sommare, iskalde vintrar og redusert nedbør. Lågtrykka som kjem inn mot Europa frå vest passerer nesten alltid nær Island, og ein kallar derfor dette lågtrykkssystemet for Islandslågtrykket. Samtidig har ein eit tilnærma permanent høgtrykk over Asorane, som styrer dei vestlege vindane inn over Europa. Trykkskilnaden mellom desse to trykksystema varierer frå år til år, og denne variasjonen vert kalla NAO. Ein stor skilnad mellom dei to systema fører til auka vestavind, og dermed kjøligare somrar, og mildare og våtare vintrar i nordlege delar av Europa, medan Sør-Europa får mildare somrar, og tørrare og kjøligare vintrar. I slike tilfelle har ein ein positiv NAO-indeks, NAO+. Når indeksen er negativ, NAO-, er vestavinden svakare på grunn av mindre trykkskilnad mellom trykksystema. Lågtrykka vil då gå mot sørlege delar av Europa, som får våtare og mildare vintrar, medan Nord-Europa får kjøligare og tørrare vintrar.

NAO påverkar vêret i større grad frå november til april, enn elles av året.

Sjå òg endre