Asorehøgtrykket er eit stort subtropisk høgtrykk som ofte oppstår nær Asorane i Atlanterhavet, og dannar ein enden av den nordatlantiske oscillasjonen (NAO) i lag med lågtrykka nær Island. Systemet påverkar vêret og klimaet i store område av Nord-Afrika og Europa. Den tørre lufta frå Sahara og Middelhavslanda fører til subsidens over Asorane.

Om sommaren er lufttrykket i senteret om lag 1025 hPa og flyttar seg mot Den iberiske halvøya, og dannar ofte høgtrykksryggar mot Frankrike, Tyskland og Storbritannia. Dette fører med seg varmt og tørt vêr i desse områda. Visse år er Azorehøgtrykket kraftigare og strekkjer seg vestover mot Bermuda, og påverkar vêret i austlege delar av USA. Amerikanarane kallar dette høgtrykket for Bermudahøgtrykket. Om vinteren flyttar ofte høgtrykket seg sør for Asorane, og trykksvingingar fører til meir variabelt vêr.

Høgtrykket er blokkerande, og har antisyklonsk rotasjon der lufta roterer rundt høgtrykket med klokka. Dette fører til at atmosfæriske bølgjer frå Aust-Afrika forplantar seg vestover mot Nord-Amerika og Karibia, og desse fører somme tider til danninga av tropiske orkanar, særleg i løpet av orkansesongen.

Sjå òg endre