Den athanasianske truvedkjenninga

Den athanasianske truvedkjenninga (latin Athanasium eller Quicunque vult etter innleiingsorda) er ei tidleg kristen truvedkjenning.

Etter tradisjonen skulle kyrkjefaderen Athanasius, erkebiskop av Alexandria i det 4. hundreåret, ha vore den fyrste til å formulere vedkjenningskriftet, men det er i dag semje om at det må vere nyare, og at Athanasius ikkje kan vere opphavsmannen. Vedkjenninga er fyrste gong kjend omtalt på eit kyrkjemøte i 670. Ho har brodd mot arianismen og ho presiserer læra om treeininga og læra om inkarnasjonen.

Den athanasianske truvedkjenninga er heldt som eit dogmatisk skrift i mange vestlege kyrkjer, herunder Den romersk-katolske kyrkja, Den anglikanske kyrkja og dei evangelisk-lutherske . I austkyrkja og i dei reformerte kyrkjene vert denne vedkjenninga ikkje bruka.

Saman med den apostolske truvedkjenninga og den nikenske truvedkjenninga er denne rekna blant dei tre oldkyrkjelege vedkjenningane, og slik er ho òg, saman med Den augsburgske vedkjenninga og Luthers vesle katekisme ein del av Den norske kyrkja sine vedkjenningsskrift.

Symbolum Athanasii endre

contra Arianos scriptum

  1. Quicunque vult salvus esse, ante omnia opus est, ut teneat catholicam fidem:
  2. Quam nisi quisque integram inviolatamque servaverit, absque dubio in aeternam peribit.
  3. Fides autem catholica haec est: ut unum Deum in Trinitate,
    et Trinitatem in unitate veneremur.
  4. Neque confundentes personas, neque substantiam seperantes.
  5. Alia est enim persona Patris alia Filii, alia Spiritus Sancti:
  6. Sed Patris, et Fili, et Spiritus Sancti una est divinitas,
    aequalis gloria, coeterna maiestas.
  7. Qualis Pater, talis Filius, talis Spiritus Sanctus.
  8. Increatus Pater, increatus Filius, increatus Spiritus Sanctus.
  9. Immensus Pater, immensus Filius, immensus Spiritus Sanctus.
  10. Aeternus Pater, aeternus Filius, aeternus Spiritus Sanctus.
  11. Et tamen non tres aeterni, sed unus aeternus.
  12. Sicut non tres increati, nec tres immensi, sed unus increatus,
    et unus immensus.
  13. Similiter omnipotens Pater, omnipotens Filius, omnipotens Spiritus Sanctus.
  14. Et tamen non tres omnipotentes, sed unus omnipotens.
  15. Ita Deus Pater, Deus Filius, Deus Spiritus Sanctus.
  16. Et tamen non tres dii, sed unus est Deus.
  17. Ita Dominus Pater, Dominus Filius, Dominus Spiritus Sanctus.
  18. Et tamen non tres Domini, sed unus est Dominus.
  19. Quia, sicut singillatim unamquamque personam Deum ac Dominum confiteri christiana
    veritate compelimur: ita tres Deos aut Dominos dicere catholica religione prohibemur.
  20. Pater a nullo est factus: nec creatus, nec genitus.
  21. Filius a Patre solo est: non factus, nec creatus, sed genitus.
  22. Spiritus Sanctus a Patre et Filio:
    non factus, nec creatus, nec genitus, sed procedens.
  23. Unus ergo Pater, non tres Patres: unus Filius, non tres Filii: unus Spiritus Sanctus,
    non tres Spiritus Sancti.
  24. Et in hac Trinitate nihil prius aut posterius, nihil maius aut minus:
  25. sed totae tres personae coaeternae sibi sunt et coaequales. Ita ut per omnia,
    sicut iam supra dictum est, et unitas in Trinitate, et Trinitas in unitate veneranda sit.
  26. Qui vult ergo salvus esse, ita de Trinitate sentiat.
  27. Sed necessarium est ad aeternam salutem, ut incarnationem quoque Domini nostri
    Iesu Christi fideliter credat.
  28. Est ergo fides recta ut credamus et confiteamur, quia Dominus noster Iesus Christus,
    Dei Filius, Deus et homo est.
  29. Deus est ex substantia Patris ante saecula genitus:
    et homo est ex substantia matris in saeculo natus.
  30. Perfectus Deus, perfectus homo: ex anima rationali et humana carne subsistens.
  31. Aequalis Patri secundum divinitatem: minor Patre secundum humanitatem.
  32. Qui licet Deus sit et homo, non duo tamen, sed unus est Christus.
  33. Unus autem non conversione divinitatis in carnem,
    sed assumptione humanitatis in Deum.
  34. Unus omnino, non confusione substantiae, sed unitate personae.
  35. Nam sicut anima rationalis et caro unus est homo:
    ita Deus et homo unus est Christus.
  36. Qui passus est pro salute nostra# descendit ad inferos: tertia die resurrexit a mortuis.
  37. Ascendit ad caelos, sedet ad dexteram Dei Patris omnipotentis:
    inde venturus est iudicare vivos et mortuos.
  38. Ad cuius adventum omnes homines resurgere habent cum corporibus suis:
    et reddituri sunt de factis propriis rationem.
  39. Et qui bona egerunt, ibunt in vitam aeternam: qui vero mala, in ignem aeternum.
  40. Haec est fides catholica, quam nisi quisque fideliter firmiterque crediderit,
    salvus esse non poterit.

Amen.

Den athanasiske truvedkjenninga endre

Skrive mot arianarane

  1. Kvar og ein som vil verte sæl, må framom alt ha den sams kristne trua.
  2. Kvar og ein som ikkje tar vare på denne heil og rein, vil utan tvil gå evig fortapt.
  3. Med dette er den sams kristne trua, at vi ærer ein Gud i Treeininga
    og treeininga i einskapen.
  4. Med di vi korkje blandar i hop personane eller kløyver grunnvesenet.
  5. For ein person er Faderen, ein annan Sonen, ein annan Den Heilage Ande.
  6. Men guddomen åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande er ein og den same,
    med same herlegdom og like evig majestet.
  7. Såleis som Faderen er, soleis er Sonen, soleis Den Heilage Ande.
  8. Uskapt er Faderen, uskapt er Sonen, uskapt er Den Heilage Ande.
  9. Umåleleg er Faderen, umåleleg er sonen, umåleleg er Den Heilage Ande.
  10. Evig er Faderen, evig er Sonen, evig er Den Heilage Ande.
  11. Og likevel er det ikkje tre evige, men ein evig.
  12. Liksom det ikkje er tre uskapte, heller ikkje tre umålelege,
    men ein uskapt og ein umåleleg.
  13. På same måten er Faderen allmektig, Sonen allmektig, Den Heilage Ande allmektig.
  14. Og likevel er det ikkje tre allmektige, men ein allmektig.
  15. Såleis er Faderen Gud, Sonen Gud, Den Heilage Ande Gud.
  16. Og likevel er det ikkje tre gudar, men det er ein Gud.
  17. Såleis er Faderen Herre, Sonen Herre, Den Heilage Ande Herre.
  18. Og likevel er det ikkje tre herrar, men det er ein Herre.
  19. For liksom den kristelege sanninga driv oss til å vedkjennast kvar person for seg som Gud og Herre,
    såleis forbyd den sams kristne trua oss å nemna tre gudar eller tre herrar.
  20. Faderen er ikkje verka, heller ikkje skapt, heller ikkje fødd av nokon.
  21. Sonen er av Faderen åleine, ikkje verka, heller ikkje skapt, men fødd.
  22. Den Heilage Anden er av Faderen og Sonen,
    ikkje verka, heller ikkje skapt, heller ikkje fødd, med går ut frå dei.
  23. Altså er det ein Fader, ikkje tre fedrar; ein Son, ikkje tre søner;
    ein Heilag Ande; ikkje tre heilage ånder.
  24. Og i denne Treeining er inkje før eller seinare, inkje større eller mindre.
  25. Men alle tre personar med einannan like evige og like store. Så at i alle ting, slik som alt
    ovanfor er sagt, både Treeininga skal ærast i einskapen, og einskapen i Treeininga.
  26. Den som såleis vil verta sæl. må tenkja slik om Treeininga.
  27. Men til å vinna evig sæle, er det også naudsynleg at han trur ærleg og sant
    at vår Herre Jesus Kristus vart menneskje.
  28. Altså er det den rette trua, at vi trur og vedkjenner oss at vår Herre Jesus Kristus,
    Guds son, er Gud og menneskje:
  29. Gud, fødd av Faderen sitt grunnvesen før verda vart til, og menneskje,
    fødd av mora sitt grunnvesen i verda.
  30. Fullkomen Gud, fullkome menneskje, ihopsett av fornuftig sjel og menneskjeleg lekam.
  31. Lik med Faderen etter sin guddom, ringare enn Faderen etter sitt menneskevesen.
  32. Men endå han er Gud og menneskje, er han likevel ikkje to, men ein Kristus.
  33. Ein, likevel ikkje ved guddomen si omskaping til kjøt,
    men ved menneskjevesenet si opptaking i Gud.
  34. I det heile ein, ikkje ved samanblanding av grunnvesen, med ved einskapen i personen.
  35. For liksom den den fornuftige sjel og lekamen er eitt menneskje,
    såleis er Gud og menneskje ein Kristus.
  36. Som leid til vår frelse, fôr ned til helheimen, stod opp frå dei døde tredje dagen.
  37. Fôr opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader.
    Skal koma att derifrå for å døma levande og døde.
  38. Og når han kjem att, må kvart einaste menneskje stå opp med lekamen sin.
    Og dei skal leggja fram rekneskap for gjerningane sine.
  39. Og dei som har gjort godt, skal gå inn til det evige livet; men dei som har gjort vondt, til den evige elden.
  40. Dette er den sams kristne trua. Den som ikkje heilhuga har denne trua,
    kan ikkje verta sæl.

Kjelder endre

  • Sigurd Normann: Den norske kirkes bekjennelsesskrifter Oslo, Lutherstiftelsens forlag 1930.