Inkarnasjon

(Omdirigert frå Inkarnasjonen)

Ikjøting eller inkarnasjon (frå latin carne, 'kjøt') kan visa til ei lekamleggjering av eit omgrep eller ei ånd. I religiøs forstand er inkarnasjon at gudar tek form som menneske eller dyr på jorda. Jesus, Krisjna og til ein viss grad Bahaullah er døme på inkarnasjonar frå ulike religionar.

Matsya, fiskeinkarnasjonen av hinduguden Visjnu.

Inkarnasjon i gammal egyptisk religion endre

I mange kulturar har ein sett på herskaren som inkarnasjonen av ein guddom, til dømes faraoen i Egypt som ein inkarnasjon av solguden Ra. Egyptisk religion har også mange døme på inkarnasjon i form av dyr, som Apis-oksane som inkarnerte gudane Ptah og Osiris.

Inkarnasjon i dharmareligionar endre

I hinduismen speler inkarnasjonar ei viktig rolle, særleg i læra om dei ti ulike avatarane til guden Visjnu. I tibetansk buddhisme meiner ein bodhisattvaen Avalokiteshvara blir inkarnet i Dalai Lama, og buddhaen Amitabha i Panchen Lama.

Inkarnasjon i kristendommen endre

Og ordet vart kjøt og feste bu hjaa oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einbaaren Son har fraa Far sin, full av naade og sanning.

Inkarnasjonen er ei sentral lære innan kristendommen. Læra byggjer på kristologien til Paulus og Johannesevangeliet; (Fil. 2,5-11, Joh. 1,1-14): trua på at Guds son har blitt menneske (kjøt, lekam) og at Jesus Kristus derfor er både Gud og menneske. At Jesus var Gud vart fastslått på kyrkjemøtet i Nikea år 325; forholdet mellom det guddommelege og menneskelege vart fastsett på kyrkjemøta i Efesos 431 og Chalcedon i 451.

Inkarnasjonen er grunnleggande for kristendommens forståing av menneskets forhold til Gud. Gud vart menneske for at vi skulle bli guddommelege (Athanasius). Teologien rundt Kristi gjerning, hans liding, død og oppstode, er tufta på denne forståinga av inkarnasjonen.

Sjå og endre

Kjelder endre

«inkarnasjon» i Store norske leksikon, snl.no.