Den egyptiske revolusjonen i 1952
- For den nyare revolusjonen, sjå Den egyptiske revolusjonen i 2011.
Den egyptiske revolusjonen i 1952 (arabisk ثورة 23 يوليو 1952), også kjent som 23. juli-revolusjonen, viser til hendingane som styrta kong Farouk I av Egypt og monarkiet og innførte ein militærstyrt republikk i Egypt. Statskuppet blei utført av ei gruppe kjend som «Dei frie offiserane» den 23. juli 1952. Leiaren av gruppa, Gamal Abdel Nasser, blei den første presidenten i landet. Suksessen til revolusjonen inspirerte mange arabiske og afrikanske land til å fjerna pro-vestlege (særleg pro-britiske og pro-franske) regime.
Hendinga er minna i Egypt ved at nasjonaldagen deira er 23. juli, kjend som revolusjonsdagen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Den egyptiske revolusjonen i 1952» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2011.
- Denne artikkelen bygger på «1952 Egyptian revolution» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2011.
Denne politikkartikkelen som har med Egypt og historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.