Den føderale krigen

Den føderale krigen i Venezuela (spansk La Guerra Federal, Guerra Larga eller Guerra de los Cinco Años) var ein borgarkrig som varte frå 1859 til 1863. Konflikten stod mellom dei konservative, som hadde monopol på maktposisjonar og eigedom, og dei liberale, som ville ha sosiale og politiske reformer. Dei liberale kravde også større sjølvstyre for provinsane, og blei derfor kjende som føderalistar. Borgarkrigen ende med siger for føderalistane.

Akvarell av føderale soldatar frå rundt 1860.

Den føderale krigen hadde få ordinære slag. Det første, ved Santa Inés i desember 1859, gav føderalistane leia av Ezequiel Zamora siger. Men i januar 1860 førte ei kringsetjing av San Carlos til at føderaliststyrkene blei svekka og at Zamora blei drepen. I slaget ved Coplé i februar same året tapte føderalistane for regjeringsstyrkane.

Den nye føderalistleiaren John Chrysostom Falcon delte opp hæren og byrja ein geriljakrig. I 1862 vann dei føderale styrkane fleire viktige sigrar. Regjeringsstyrkane blei svekka av dette og av deserteringar frå eigne rekkjer.

22. mai 1863 skreiv president Jose Antonio Paez og føderalistleiaren John Chrysostom Falcon under ein fredsavtale. I desember same året blei Falcon vald til førebels president.

Krigen var den største Venezuela hadde hatt sidan sjølvstendet. Over 200 000 menneske døydde i krigshandlingar eller frå svolt og sjukdom som følgde borgarkrigen, i eit land med berre litt over ein million innbyggjarar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den føderale krigen