Den første maroonkrigen
Den første maroonkrigen var ein væpna konflikt mellom maroonar (rømde slavar) og britisk kolonistyresmakter på Jamaica. Dei braut ut rundt 1728 og heldt fram til partane slutta fred i 1739 og 1740.
Den første maroonkrigen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Partar | |||||||
Dei britiske kolonistyresmaktene | Maroonar |
Bakgrunn
endreI 1655 hadde britiske styrkar sigra over den spanske kolonimakta, og tok kontroll over det meste av Jamaica. Etter at spanjolane flykta forlét mange av dei afrikanske slavane dei hadde hatt plantasjane og slo seg ned saman med amerindiske urfolk i fjellområdet Blue Mountains. Denne gruppa blei kjend som Windward-maroonane.
Mellom 1655 og 1661 hadde den kvite busetnaden på Jamaica auka kraftig, til rundt 12 000 kvite innbyggjarar. Men i 1662 var det berre litt over 3 000 att.[1] Det fanst langt fleire svarte slavar enn kvite representantar for plantasjeeigarane og kolonimakta. Dei britiske styrkane klarte ikkje ta kontroll over heile øya, slik at store delar var under maroon-kontroll. Gjennom 76 år hadde ein jamlege mindre kampar mellom britane og maroonane, i tillegg til ein del slaveopprør. I 1673 gjorde 200 slavar i Saint Ann Parish opprør og skipa ei eiga gruppe kjend som Leeward-maroonane. Desse maroonane slo seg saman med ei gruppe folk frå Madagaskar som hadde overlevde eit skipbrot og skipa sitt eige maroonsamfunn i St. George Parish nordaust på Jamaica. Fleire seinare opprør førte til at gruppa vaks, som eit opprør i 1690 av 400 slavar på Sutton-plantasjen i Clarendon.[2]
I september 1728 sende britane fleire troppar til Jamaica, noko som endra maktbalansen. Same året fekk øya ein ny guvernør, major-general Robert Hunter, og under hans styre eskalerte konflikten.
I 1729 leia ein Jeddo eit maroon-åtak på byen Port Antonio nordaust på Jamaica. Då britiske soldatar under løytnant Soaper prøvde å forfølga dei, utførte maroonane eit bakhaldsåtak. Gjennom heile den første maroonkrigen nytta maroonane geriljataktikkar som påførte kolonistyrkane store tap.
I 1730 leia Soaper ein stor styrke mot Windward-maroonane, men blei nok ein gong overraska av eit bakhaldsåtak. Av dei 95 væpna folka i militsen overlevde under halvparten. Året etter kom endå to regiment til Jamaica for å hjelpa Hunter til å slost mot maroonane.[3]
I 1732 sende Hunter tre grupper mot Windward-maroonane. Dei tok maroonbusetnaden Nanny Town, og maroonane trekte lenger inn i Blue Mountains. Okkupasjonen av Nanny Town var kostbar, og Hunter kalla etterkvart tilbake militsen, slik at maroonane kunne venda tilbake til byen utan å måtta slost for han. Året etter sende Hunter ei gruppe britiske sjøfolk mot Windward-maroonane, men dei blei igjen hardt råka ved eit bakhald.[4]
I 1734 gav Windward-maroonane fleire tap til kolonimakta med ei rekkje raid i Portland Parish og St George. Slavar heldt fram med å rømma, og manga av dei svarte soldatane for kolonimakta, såkalla Black Shots, deserterte. Etter at Hunter døydde blei han etterfølgd som guvernør av John Ayscough, som heller ikkje hadde stor suksess i kampen mot maroonane. Kolonistyrkane tok likevel Nanny Town att, og drap nokre maroonar.[5][6]
Seinare det same året nedkjempa maroonane ein styrke leia av kaptein Shettlewood, og ei gruppe gjekk til åtak på ein landeigedom i St George som omfatta ein festning og militærbrakker.[7] Windward-maroonane forflytta seg vestover til John Crow-fjella og ein stad kalla Cattawoods, og fortsette motstanden
Då John Gregory blei ny guvernør på Jamaica, byrja han å tenkja på å tilby ein fredsavtale til maroonane. Dei britiske styrkane hadde så langt ikkje klart å sigra over dei. Tankane blei realitet med guvernør Edward Trelawny etter eit tiår med kampar.[8] Leiaren for Leeward-maroonane, Cudjoe, avviste fredsavtaleforslag i 1734 og 1736, men i 1738 gjekk han med på å forhandla med John Guthrie, ein lokal plantasjeeigar og militsleiar som maroonane kjende og respekterte.[9]
Fredsavtalar
endreI 1739–40 hadde dei britiske kolonistyresmaktene på Jamaica innsett at dei ikkje kunne nedkjempa maroonane, og inngjekk avtalar med dei. I 1739 skreiv guvernør Edward Trelawny under på ein avtale som gav marooane leia av Cudjoe 1 500 acre (6,1 km2) land mellom busetnadane deir Trelawny Town og Accompong i området kjend som Cockpits. Dei fekk eit visst politisk sjølvstende og økonomisk fridom, så lenge dei gjekk med på å gje militær støtte ved invasjon eller opprør, og å senda tilbake rømde slavar mot ein dusør på to dollar per slave.[10] Denne siste delen av avtalen førte til konflikt mellom maroonane og slavebefolkninga, sjølv om rømde slavar frå tid til annan framleis kunne bli del av maroon-samfunna.[11] Kvar maroon-bygd mått også ha ein britisk oppsynsmann buande hjå seg.[11]
I 1740 blei ein liknande avtale underskriven av Quao og Nanny, som var leiarar for Windward-aroonane.[12] Windward-maroonane heldt til i at Crawford's Town og nye Nanny Town (no kalla Moore Town). Til saman var rundt 600 maroonar omfatta av traktatane med dei britiske styresmaktene gjennom desse to avtalane.[13]
Misnøye med avtalen og vidare utbreiing av plantasjane på land brukt av maroonane førte seinare til den andre maroonkrigen.[14]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «First Maroon War» frå Wikipedia på engelsk, og «Jamaican Maroons» frå Wikipedia på engelsk den 8. oktober 2018.
- ↑ Patterson, Orlando (1. januar 1970). «Slavery and Slave Revolts: A Sociohistorical Analysis of the First Maroon War, 1655 – 1740». Social and Economic Studies 19 (3): 289–325. JSTOR 27856434.
- ↑ Patterson 1970, s. 256–258
- ↑ Carey 1997, s. 190-205.
- ↑ Carey 1997, s. 208-256.
- ↑ Carey 1997, s. 257-267.
- ↑ Carey 1997, s. 278-282.
- ↑ Carey 1997, s. 268-277.
- ↑ Carey 1997, s. 285-314.
- ↑ Craton, Michael. Testing the Chains. Cornell University Press, 1982, p. 87-88
- ↑ Mavis Campbell, The Maroons of Jamaica 1655-1796: a History of Resistance, Collaboration & Betrayal (Massachusetts: Bergin & Garvey, 1988), s. 126-163.
- ↑ 11,0 11,1 Craton, Michael. Testing the Chains. Cornell University Press, 1982, s. 89-90
- ↑ Craton, Michael. Testing the Chains. Cornell University Press, 1982, s. 91-92
- ↑ Michael Siva, After the Treaties: A Social, Economic and Demographic History of Maroon Society in Jamaica, 1739-1842, PhD Dissertation (Southampton: Southampton University, 2018), s. 56.
- ↑ Campbell, The Maroons of Jamaica, s. 209-249.
Bibliografi
endre- Carey, Bev (1997). The Maroon Story: The Authentic and Original History of the Maroons in the History of Jamaica 1490-1880. Kingston, Jamaica: Agouti Press.
- Patterson, Orlando (1970), «Slavery and Slave Revolts: A Sociohistorical Analysis of the First Maroon War, 1665-1740», i Price, Richard, Maroon Societies: Rebel Slave Communities in the Americas, Anchor Books (publisert 1973), ISBN 0-385-06508-6
- Campbell, Mavis C. (1990), The Maroons of Jamaica, 1655-1796, Trenton, NJ: Africa World Press, ISBN 0-86543-096-9
Nokre av dei første historikarane til å nemna maroonane på Jamaica og den første maroonkrigen var:
- Dallas, R. C. (1803), The History of the Maroons, From Their Origin to the Establishment of their Chief Tribe at Sierra Leone, London: Longman
- Edwards, Bryan (1793), History, Civil and Commercial, of the British Colonies in the West Indies
- Long, Edward (1774), The History of Jamaica