Opna hovudmenyen
Maroon i ein illustrasjon frå 1700-talet

Maroonar er folkegrupper danna av rømde slavar og etterkomarane deira i Amerika, særleg i Surinam, Fransk Guyana og Jamaica, som skipa frie samfunn i urørte delar av landa. Slavane hadde som regel vestafrikansk opphav, og dei slo seg gjerne saman med urfolk i dei ulike områda dei kom til. Namnet «maroon» kan tyda 'vill' eller 'forvilla', frå fransk marron, eller vera avleidd frå spansk cimarrón, 'vill, rømling'.[1]

HistorieEndra

Så tidleg som i 1512 rømde afrikanske slavar frå dei spanske vaktarane sine og anten klarte seg sjølv eller slo seg saman med innfødde folk.[2] Sir Francis Drake gjorde nytte av fleire cimarrones under sine raid mot spanjolane i den nye verda.[3] Så tidleg som i 1655 danna rømde afrikanarar eigne samfunn i innlandet av Jamaica, og på 1700-talet hadde Nanny Town og andre landsbyar byrja å kjempa for sjølvstende.[4]

Maroon-samfunna hadde ofte harde kår, både i møte med fiendtlege kolonimakter[5] og i høve til å skaffa seg nok mat.[6] Etterkvart som plantasjane breidde om seg, blei det stadig mindre plass til maroonane. Dei forsvann frå dei minste øyane, men klarte seg betre på dei større. Her voks talet deira, mellom anna fordi slavar stadig rømde frå plantasjane og slutta seg til dei. Maroonane kunne utføra raid på plantasjane og folka som dreiv dei, som etterkvart byrja å frykta for store opprør også blant slavane.[7]

Ein mektig maroon var François Mackandal, ein houngan eller voodooprest, som leia eit opprør mot kvite plantasjeeigarar på Haiti over seks år. Dette var ein forløpar til den haitiske revolusjonen.[8]

Maroonane på Jamaica hadde også ei sterk stilling, og dreiv geriljakrig mot den britiske kolonimakta på 1700-talet. Rundt 1739 skreiv gurvernøren ein traktat med maroon-leiarar som gav dei 2 500 acre (10 km2) land i to område. Som motsvar skulle dei fanga rømde slavar og senda dei tilbake til plantasjane.[9]

Dei isolerte busetnadane til maroonane verna dei frå styresmaktene, og bidrog seinare til at dei heldt på ein særeigen kultur. I dag er den største maroon-busetnaden Accompong i St. Elizabeth Parish, med rundt 600 innbyggjarar. Dei driv med turisme og feirer årleg ein festival den 6. januar til minne om fredsavtalen etter den første maroonkrigen.[4][10]

 
Ung maroon-kvinne med barn, fotografert i Surinam i 1946.

I Surinam, som gjekk frå å vera engelsk til å vera nederlandsk koloni i 1667, byrja flykta slavar å skipa sine eigne landsbyar frå slutten av 1600-talet. Ettersom dei fleste plantasjane låg aust i landet, ved elvane Commewijne og Marowijne, følgde Marronage (dvs., rømminga) elvebreidden og kryssa nokre gonger over til Fransk Guiana. I 1740 hadde maroonane skipa klanar og følte seg sterke nok til å utfordra dei nederlandske koloniherrane. 10. oktober 1760 skreiv ndyuka-stammen under ein slik traktat utforma av Adyáko Benti Basiton frå Boston, ein tidlegare slave på Jamaica som hadde lært seg å lesa og skriva og visste om den jamaicanske fredsavtalen. Denne traktaten er framleis viktig, ettersom han definerer dei territorielle rettane til maroonane i det gullrike innlandet av Surinam.[11] I dag omfattar maroonane i Surinam stammane ndyuka (25.000 medlemmer), saramaka (25.000), matawai, paramaka, aluku og kwinti.

KjelderEndra

  1. «maroon, n.2 and adj.2». OED Online. Oxford University Press. juli 2018. Henta 7. oktober 2018. 
  2. «Sir Francis Drake Revived». Voyages and Travels: Ancient and Modern. The Harvard Classics. 1909–14.  Avsnitt 21.
  3. «Sir Francis Drake Revived». Voyages and Travels: Ancient and Modern. The Harvard Classics. 1909–14.  Avsnitt 101.
  4. 4,0 4,1 Campbell, Mavis Christine (1988), The Maroons of Jamaica, 1655–1796: A History of Resistance, Collaboration & Betrayal, Granby, MA: Bergin & Garvey. ISBN 0-89789-148-1.
  5. American Vistas. 1971. s. 23. 
  6. Don C. Ohadike (1 January 2002). Pan-African Culture of Resistance: A History of Liberation Struggles in Africa and the Diaspora. Global Publications, Binghamton University. s. 22. ISBN 978-1-58684-175-1. 
  7. Rogozinski, Jan (1999). A Brief History of the Caribbean (revised utg.). New York: Facts on File, Inc. s. 155–68. ISBN 0-8160-3811-2. 
  8. «The History of Haiti and the Haitian Revolution». The City of Miami. Arkivert frå originalen 2007-08-26. Henta 16. august 2007. 
  9. Taylor, Alan (2001), American Colonies: The Settling of North America, New York: Penguin Books.
  10. Edwards, Bryan (1796), "Observations on the disposition, character, manners, and habits of life, of the Maroons of the island of Jamaica; and a detail of the origin, progress, and termination of the late war between those people and the white inhabitants." in Edwards, Bryan (1801), Historical Survey of the Island of Saint Domingo, London: J. Stockdale, pp. 303–360.
  11. Alex van Stipriaan, Surinaams contrast (1995); Hans Buddingh', Geschiedenis van Suriname (1995/1999); Alex van Stipriaan/Thomas Polimé, Kunst van overleven (KIT, 2009).