Den galne måndagen

Den galne måndagen eller Galne-Måndagen var eit uvêr som slo inn over Vestlandet 11. mars 1822. Truleg mista rundt 300 mann livet på havet under stormen.

Side frå kyrkjeboka til Os prestegjeld som viser nokre av dei som omkom under stormen.

Uvêret kom særs brått på og dagen hadde starta med stille og fint vêr og blankt hav, og mange fiskarar skal ha kome frå fjordbygdene for å vere med på fisket, som hadde vore særs godt så langt det året. Ein gamal fiskar skal ha meint at han kunne sjå teikn på at det var uvêr i emne, men ingen valde å høyre på han og la ut til havs. Ut på dagen skya det til og det byrja å sludde og snø. Vinden auka raskt på til orkan. Munnlege overleveringar tydar på at 300 menneske drukna til havs og i tillegg omkom fleire på land då bygningar raste saman eller dei fraus i hel. I kyrkjebøkene kan ein telje opp om lag 150 menneske som omkom i stormen, men truleg vart berre dei som vart funne igjen skrivne opp i bøkene.

Uvêret levde lenge i lokale tradisjonar og mellom anna på Utsira vart det på folkemunne sagt: «Gud bevare oss for 11. mars!»

Gjest Bårdsen endre

 
Gjest Bårdsen

Gjest Bårdsen, meistertjuven og forfattaren, sat i arrest hos lensmannen på Byrknesøy i Gulen under hendinga og er kanskje den personen som har gjeve den mest detaljerte skriftlege skildringa av det som hende og det han kallar «Skrækkens Dag». Han skriv om at ingen hadde mistanke om vêret som var i vente då dei la utpå om morgonen. Medan dei vaksne mennene drog til sjøs, drog seks ungdommar ut på holmane for å skjere lyng, som vart nytta som fôr for dyra. Då uvêret slo til på føremiddagen skjøna alle på land at dette var særs ille for dei som var ute på fiske og på øyane. Mødrene var særs uroa over borna sine som var på øyane for å skjere lyng og prøvde desperat å få nokon til å redde dei, men ingen ville leggje ut på sjøen i dette uvêret. Til slutt kom dei til lensmannsgarden, og sidan lensmannen var borte prøvde dei å overtale lensmannskona om å sleppe fangane ut om dei ville dra til øyane å henta borna. Gjest klarte å overtale seks fastbuande til å dra ut i lag med han. Etter to timar med hardt slit kom dei fram til holmen, fann borna sterkt forkomne og tok dei med heim att.

Vêrsituasjon endre

Soknepresten i Kvinnherad, Peder Harboe Hertzberg (1775-1830) skildra òg vêret denne dagen og dagane før, og skildringane hans gjev eit bilete på kva vêrsituasjon som var over Nordsjøen og Sør-Noreg desse dagane. 10. mars, dagen før, skal det ha regna og blese storm frå sør, noko som tyder på at det mest truleg var eit kraftig lågtrykk var på veg inn mot Vestlandet. 11. mars skal det ha vore roleg vêr, men Hertzberg skriv vidare:

«En rasende Orkan af Nordvest sprang op kl. 10 ½ Formiddag, med sneefog. Den ødelagde mangfoldige Baade og Fartøyer, og Jægter især ved havet og paa Bergens Leed. Mange Mennesker druknede; dog kun 2de gutter paa en Jægt af dette Præstegield, Men av Ous Præstegield (Os) næsten 100. 13 Deels Jægter deels Slupper strandede paa strøget fra Oukland (Økland) til Lyngholmen i Findaas Præstegield.»

Bonden og lokalpolitkaren Ingebret Gulliksen på Klepp på Jæren hadde òg for vane å notere ned vêret. Han skildra at orkanen byrja om morgonen kl. 8 frå sørvest og var på det sterkaste kl. 11-12 og enda frå nordvest. Han skreiv at orkanen var så sterk at «ingen nulevende kan erindre sig», og at folk ikkje kunne «gå paa marken», «og nedrev på Jæderen en stor mængde Huse.» «I Stavanger blev Skibe og Pakhuse sønderslagne til en Værdi af over 20000 Species».

Dagen før stormen skal trykket ha vore så lågt over England at «folk gik paa Havbunden og opsamlede kostbarheder, som var tabte for 100 Aar siden». Om trykket verkeleg var så lågt må dette ha vore eit omfattande lågtrykk som må ha ramma heile Nordsjøen, Danmark og Nord-Tyskland.

Ut frå opplysningane er det heilt klart snakk om eit uvanleg kraftig lågtrykk og vinden har truleg vore på rundt 35 m/s, og på Utsira kanskje sterkare. Lågtrykka i våre område kjem vanlegvis inn frå vest og dette lågtrykket var ikkje noko unntak. Sidan lufta blæs mot klokka rundt eit lågtrykk på den nordlege halvkula stemmer det bra med observasjonane om at det bles kraftig frå sør dagen før, då lågtrykket låg vest i havet. At det var fint vêr på Vestlandet først på dagen tyder på at det kan ha vore austleg vind. Dette er ein «godvêrsvind» og den vindretninga som oftast gjev fint vêr på Vestlandet. I så fall kan lågtrykkssenteret ha vore sørvest for Vestlandet og gått uvanleg raskt nordaustover.

Det er derimot ikkje vanleg at store lågtrykk flyttar seg så raskt og dette kan tyde på at det kanskje har vore snakk om eit hissig sekundært lågtrykk. Desse sekundære lågtrykka dannar seg stundom på kaldfronten som kjem i lag med hovudlågtrykket. Stundom kan desse sekundære lågtrykka utvikle seg særs raskt, flytte seg raskt avgarde og gje særs kraftig vind. I dette tilfellet kan då eit slikt sekundært lågtrykk ha flytta seg nordover langs kysten. Denne typen lågtrykk har den kraftigaste vinden sør og vest for senteret, medan det kan blese forholdsvis roleg austavind nord for senteret. Dette stemmer nokså bra med observasjonane om at det bles sterkt på Jæren alt kl. 09, medan det i Gulen og Kvinnheard tilsynelatande var fint vêr på dette tidspunktet. Etter kvart som lågtrykket då gjekk nord-nordaustover vil austavinden ha gått over på sørvest og etter kvart nordvest og samstundes ha auka brått på.

Kjelder endre