Den internasjonale straffedomstolen

Denne artikkelen handlar om Den internasjonale straffedomstolen. For domstolen til FN, sjå Den internasjonale domstolen.

Den internasjonale straffedomstolen (engelsk International Criminal Court, fransk Cour pénale internationale) er ein permanent, internasjonal domstol oppretta for å straffeforfylgja einskildmenneske for krigslovbrot, lovbrot mot menneskja og folkemord. Han har i oppgåve å syrgja for at menneske som er skulda for slike lovbrot vert stilt til ansvar dersom styresmaktene i landet der lovbrotet har funne stad sjølv ikkje maktar eller ynskjer å reisa sak. Domstolen har sete i Haag i Nederland, men rettssaker kan haldast kvar som helst.

Den internasjonale straffedomstolen


Domstolens lokaler i Haag, Nederland. Sjå dette på Wikidata
Skipa1. juli 2002
HovudkontorHaag
LandNederland
StyreleiarPhilippe Kirsch (2003)
Nettstadhttps://icc-cpi.int (engelsk), https://www.icc-cpi.int/fr (fransk)
Medlemsstatar (grønt), statar der Romavedtektene er ratifiserte, men ikkje har tredd i kraft (lysegrønt) og dessutan statar som har underteikna, men ikkje ratifisert Roma-vedtektene (oransje).

I Haag ligg òg Den internasjonale domstolen (ICJ), som er domstolen til SN for avgjerd i tvistar mellom statar.

Den internasjonale straffedomstolen er ikkje vorten anerkjend av stormakter som USA, Russland, Kina, India, Indonesia og Tyrkia.

Den internasjonale straffedomstolen vart skipa i 2002. Domstolen kan berre døma i lovbrot som har hendt etter 1. juli 2002, datoen då traktaten for skipinga (Roma-vedtektene om Den internasjonale straffedomstol) tredde i kraft. Traktaten vart underteikna i Roma den 17. juli 1998.[1] Noreg ratifiserte traktaten den 16. februar 2000.[2]

To av aktorane ved Nürnbergprosessen, Benjamin Ferencz og Henry T. King, var dei viktigaste pådrivarane for skipinga av domstolen og har mellom anna medverka til å utforma det juridiske grunnlaget.[3][4]

Organisasjon

endre

Medlemsland

endre

Om lag 123 statar er medlemer av domstolen.[5] Israel, Russland, Sudan og USA har kunngjort at dei korkje vil anerkjenna eller ratifisera.[6] Burundi vart i oktober 2017 fyrste stat som trekte seg frå domstolen.[7][8]

Domarane

endre

Domstolen består av 18 internasjonale domarar. Dei vert valde for for éin periode på ni år av generalforsamlinga til domstolen som består av representantar frå alle dei nasjonane som har ratifisert vedtektene til domstolen.[9] Domstolen har si eiga tiltalemynde som vert leidd av ein sjefklagar. I tiltalemynda til domstolen er det òg ei etterforskingsavdeling.

Saker ført for domstolen (utval)

endre

Slobodan Milošević var det fyrste statsoverhovudet som vart sikta for lovbrot mot menneskja ved domstolen.[10] Omar Hassan al-Bashir var det fyrste statsoverhovudet som vart sikta for folkemord.[11][12] Den 17. mars 2023 vart det utferda ein arrestordre på Vladimir Putin tiltala for deportasjon av barn.[13]

Kjelder

endre
  1. «The International Criminal Court (ICC) | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 23. mars 2023 
  2. «Roma-vedtektene om Den internasjonale straffedomstol - Lovdata», lovdata.no, henta 23. mars 2023 
  3. Stuart, H. V., & Simons, M. (2009). The Prosecutor and the Judge: Benjamin Ferencz and Antonio Cassese, Interviews and Writings. Amsterdam University Press.
  4. Scharf, M. P., & Hadji, P. S. (2009). Foreword and Dedication. Case Western Res. J. International Law, 41, 267.
  5. «Fem ting du bør vite om Den internasjonale straffedomstolen (ICC)», www.fn.no (på norsk), henta 23. mars 2023 
  6. «Status på Romavedtektene». Arkivert frå originalen 15. april 2012. Henta 2. august 2010. 
  7. Reference: C.N.805.2016.TREATIES-XVIII.10 (Depositary Notification). Rome Statute of the International Criminal Court. Rome, 17 July 1998. Burundi withdrawal, UN Treaties.
  8. «Burundi becomes first nation to leave international criminal court», The Guardian, 28. oktober 2017. Lest 28. oktober 2017.
  9. «Judicial Divisions», International Criminal Court (på engelsk), henta 23. mars 2023 
  10. Roberts, Sam (15. april 2019). «Mirjana Markovic, the ‘Lady Macbeth’ of War-Torn Serbia, Dies at 76». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. «Mr. Milosevic was the first head of state charged by an international court for crimes against humanity committed while he was in office. He died in 2006 while awaiting the conclusion of his trial in The Hague.» 
  11. Walsh, Declan (11. april 2019). «The Fall of Omar Hassan al-Bashir, the ‘Spider’ at the Heart of Sudan’s Web». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. «Mr. Bashir is facing two arrest warrants from the International Criminal Court for charges in the Darfur conflict that include genocide. He was the first sitting head of state to be targeted with an arrest warrant by the Hague-based court.» 
  12. «cases | International Criminal Court», www.icc-cpi.int, henta 23. mars 2023 
  13. «Situation in Ukraine: ICC judges issue arrest warrants against Vladimir Vladimirovich Putin and Maria Alekseyevna Lvova-Belova», International Criminal Court (på engelsk), henta 23. mars 2023 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Den internasjonale straffedomstolen

Vidare lesing

endre