Den mongolsk-mandsjuriske sletta
Den mongolsk-mandsjuriske sletta eller Den mongolsk-mandsjuriske steppa er ei temperert grasslette i Mongolia og Nord-Kina.
Sletta dekkjer eit område på 887 300 km². Økoregionen dannar ein stor boge rundt Gobiørkenen og strekkjer seg over sentrale og austlege område av Mongolia og inn i austlege område av Indre Mongolia, austlege og sentrale område av Mandsjuria og så sørvest over Den nordkinesiske sletta. I nordaust og nord ligg Selenge-orkhon-skogssteppa og Den dauriske skogssteppa og dannar ein overgang mellom grasslettene i sør og skogane i Sibir i nord. I aust og søraust glir sletta over i temperert lauvskog, inkludert Dei mandsjuriske blandingsskogane, Den nordaustkinesiske skogssletta og Den sentralkinesiske blandingsskogen. I sørvest strekkjer sletta seg til Huang He.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mongolian-Manchurian grassland» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2008.