Den norske ambassaden i Moskva

Den norske ambassaden i Moskva ligg i Povarskaja-gata 7 i Moskva sentrum. Robert Kvile er norsk ambassadør til Russland.[1][2]

Den norske ambassaden i Moskva

Kart
Den norske ambassaden i Moskva
55°45′14″N 37°35′46″E / 55.7538°N 37.5961°E / 55.7538; 37.5961
Knut Hauge helsar på Dmitrij Medvedev den 27. februar i 2009.

Kvart år er 30 000 russarar innom ambassaden for å søkja om visum. Dette gjer ambassaden til den norske utanriksstasjonen som handterer flest visumsøknader.

Bakgrunn

endre

Noreg etablerte ein legasjon i Sovjetunionen i 1924, og Andreas Tostrup Urbye var den første ministeren der. Frå 1927 til 1929 jobba òg den russisktalande Vidkun Quisling her, då legasjonen hadde fått meirarbeidet med å representera britiske interesser.[3] Under andre verdskrigen oppgraderte dei allierte stormaktene statusen til den diplomatiske representasjonane i mindre land og i 1942 vart den norske legasjonen omgjort til ambassade.[4]

Ambassadebygningen

endre

Noreg overtok ambassadebygningen i Moskva tidleg på 1940-talet, og disponerer bygarden mot at Russland får disponera Drammensveien 74 i Oslo. I 2009 stod ambassadebygningen klar igjen etter tre og eit halvt år med oppussing. I prosessen vart blant anna fasaden ut mot Povarskaja totalrenovert.

Sendemenn og ambassadørar

endre

Kjelder

endre
  1. Per Magnus Nordrum Riseng. «Norges nye ambassadør i Russland: – Vi må ikke miste håpet, det skal være noe etter dette også.» (på norsk bokmål). Aftenposten. Henta 20. april 2023. 
  2. «Norges ambassadører». Utenriksdepartementet. Henta 20. april 2023. 
  3. Storbritannia og Russland var 1927 til 1929 utan diplomatisk samband (brot), ifølgje De uunnværlige flinke av Gudrun Ræder, som var stasjonert i Moskva med syster si frå 1929. Andre tilsette rundt 1930 var legasjonsråd Alfred Danielsen og legasjonssekretær Per Preben Prebensen.
  4. Legasjonen/Ambassaden i Moskva, Russland Arkivert 2013-11-03 ved Wayback Machine., Arkivportalen.
  5. Dahl, Hans Fredrik (1991). En fører blir til. Aschehoug. ISBN 8203156320. 

Bakgrunnsstoff

endre